Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2994
20180914
2994
20180914

Haustlista er klar

Halvorsens Forlag har i år som i fjor ei sterk liste klar til bokhausten. Mykje vart naturleg nok refusert, men gode titlar har kome gjennom nålauga hjå det tradisjonsbundne forlaget i Borlaug. For oss lesarar er det berre å byrja å gle seg.

Mange sperra nok opp augo i fjor då det vart kjent at Halvorsens stakk av med rettane til Hallfrid Byggviks dramatiske sjølvbiografi. Rykta seier at det er fleire som ynskjer å by på filmrettane òg. No er iallfall boka her, Hallfrid Byggvik – Tøffe år i Sopp- og Nyttevekstforbundet.

Andre høgdepunkt er:

Slik held vikingane seg reine om vinteren, Bind 15 i serien til Geirbjørn Gautesong om kvardagslivet i vikingtida. Boka er rikt illustrert av eitt av syskenborna til forfattaren.

Så fekk dei endeleg han Dag-Ivar, oppvekstroman av Innvik-forfattaren Henry Taklo.

Sportsklubben Klivar 1930–1950 – gullåra av Bidne Yttst.

Ei reise langs Skodje-bana, norsk jernbane sitt gløymde kapittel av Sture Vikefjord.

Vandrestaven – ein gløymd reiskap? av Sofus Hjørung.

Naturleg frisk med granskot II – 33 nye rettar av botanikar Njål Saupstadfjord.

Hjortejakt i Solund før 1970 av gamlelensmann Svein Hardbakk Hansen.

Fjesingen, ufisk eller livsreddande medisin av Hans Lassebakken.

Norske fylkesmusikarar 1971–1991 av Vidar Vaagslett.

Bakst frå Indre Sunnhordland av Franke Wijk.

Det kan du ta gift på – 100 muntre soger frå Oppstryn av Baste Bjarstad.

Kven drap svakstraumselektrikar Einar Svensen (i Sykkylven)? av journalist Dagny Dolmøy.

Rådyret – ressurs eller hageplage av Mons Nasvik.

Nordmannen som gjorde det stort i Andorra – soga om Torgils Haure som vart notarius publicus i den vesle fjellrepublikken i 1921 av Anton Haure jr.

Vesle Lumuba vart min beste ven – minner frå ei misjonsoppvekst i Zambia av Goro Julte.

Turen går til: Skövde

I den nye og veldig kortvarige spalte om svenske småbyar har turen denne og einaste gongen kome til sjølvaste Skövde. Spalta er ein unik sjanse for lesarane til å verta betre kjende med denne heilt gjennomsnittlege svenske byen, som ligg midt inne i landet i Västra Götalands län, ikkje så langt frå Göteborg.

Svært liten etter norsk målestokk er Skövde heller ikkje. Om lag 50.000 svenskar synest det er triveleg å bu her. I eit elles flatt landskap har dei ein ås, som gjer at det frå tid til annan kan samla seg noko snø i ljosløypa dei har laga seg. Meir skal det ikkje til for å legga grunnlag for svensk skiidrott. Det er frå denne åsen Marcus Hellner har trena seg god. Difor er ein av turistattraksjonane ein statue av Hellner, som fekk ein motbakke oppkalla etter seg i Holmenkollen 2011. Det er altså vår ås i Oslo som er tema for statuen i deira eigen Skövde-ås.

Om dette ikkje er nok for å få innsidelesarar til å valfarta til Skövde, kan kanskje ein ilter og sint tiur som held seg i 5 km-sløyfa vera spanande å oppleva på nært hald. Innsida er glad for at tiuren – eller tjädern, som denne majestetiske skogsfuglen heiter på svensk – held seg i ro, under vitjinga no nyleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis