HEITT ELLER KEITT 2018
Promobildet for serien «Næringshagen» kunne lett oppgraderast til å bli promobilde for serien «Alle mot 1».
Som alltid ringjer vi inn det nye året med ein spådom. Men å spå er eigentleg ikkje det rette ordet, for dei siste åra har vi vorte så treffsikre at det er meir som ein fasit å rekne. Det kjem neppe som ei overrasking på Dag og Tid-lesarane som lever i tråd med og pustar i takt med Innsida sitt årlege hot or not-barometer. For 2017 spådde vi at Nora og William ville koma på namnetoppen, og at Ole Rolfsrud ville få tildelt sitt eige fjernsynsprogram. Ganske spesifikke spådommar, må vi få lov til å påpeike, som vart innfridde. På eitt lite punkt tok vi likevel feil når det gjaldt 2017 – sjølv dei mest klarsynte kan ta feil innimellom – vi predikerte at ankelsokkar kom til å bli ut. Men vi har observert at ein viss type personar enno bruker ankelsokkar sjølv om det er iskaldt ute, nemleg jenter i 20-årsalderen. Noko vi synest er heilt ufatteleg og ikkje tilrår at Dag og Tid-lesarane prøver.
Kortreiste reiser
I 2017 var det moderne å skryte av langhelga i Barcelona, sommarferien i Thailand og juleshoppinga i London. Men i år blir det in å reise kortast mogleg. Når ungane kjem attende på skulen etter sommaren, er det han som var på basar i nabobygda som blir den kulaste, medan familien som reiste til Syden blir hundsa.
Alle mot éin
I fjor skreiv vi dette om NRKs utegåande sjakkreporter Ole Rolfsrud: «Vi spår ein lysande karriere og tippar at han får sitt eige program i løpet av året. Kva med eit oppsøkjande, mobilt talkshow der han berre fer rundt og pratar med folk tilsette i næringshagar?»
Dette var meir sant enn vi ante. På tampen av året sleppte NRK nyheita om at Rolfsrud skal leie eit nytt direktesendt laurdagsshow saman med Selda Ekiz. I Alle mot 1 skal ein deltakar i studio konkurrere i ulike oppgåver mot eit snittsvar frå innsendarar i heile landet. Alle mot éin er sikkert ein rådande praksis i mange næringshagar, så vi var skremmande nær i spådommen vår.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.