Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Post-påskokalypsen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Denne brevposten med shabby chic-blomemotiv kjøpte Sigrid på ein av Porsgrunns bokhandlar rett før påske.

2048
20180406
2048
20180406

I påska kolliderer den moderne og den gamle tida, noko som gjev ein del rare utslag. For mange er ferie synonymt med det å logge av, ta ein digital reins og leva i augeblikket. På dei gamaldagse påskehyttene kan ein bry seg om elementære ting som å hente vatn, fyre i omnen, følgje med på vêret og poste eit foto på Instagram. Den stille veka har vore ei perfekt tid for å reflektere litt over korleis samfunnet har utvikla seg. Som Jesus brukte å seia: Kva ville Knut Arild gjort?

Kvar har det blitt av brevpostane i alt mylderet?

Da vi var små, fekk vi brevpostar kvar einaste bursdag. Brevpost var eit sikkert kort. Nesten alle barn sette pris å få matchande papir og konvoluttar, med eitt eller anna litt stygt motiv, fint plassert i ei lita mappe.

Men etter kvart som tida har gått, har dette kommunikasjonsverktøyet vorte vanskelegare og vanskelegare å få tak i. Det verkar som om brevpostprodusentane har bukka under for den nye tida og gjeve opp. Det er jo ikkje så rart at folk ikkje skriv brev lenger, når det ikkje finst anstendig brevpapir meir.

Sigrid har i fleire år vore på utkikk etter brevpost utan hell. Sjølv på store bokhandlar i hovudstaden har det vore umogleg å oppdrive. Men av alle byar i landet, kven leverer varene? Jo, det gjer Porsgrunn. Etter mange kvilelause år på leiting, kan Sigrid nå endeleg falle til ro, og fortsetje med nyttårsforsettet om å halde posten i hevd.

Morgondagens historikarar

Bjørnstjerne Bjørnson skreiv frykteleg mange brev, fleire om dagen. Han skreiv faktisk så mange brev at det er umogleg for ein person å rekke å lesa alt i løpet av eit gjennomsnittleg livsløp. Alle desse breva har gjort oppgåva for biografane litt lettare. Men kva skjer med dei som skal skrive biografiane om samtidas store personlegdomar? Folk skriv jo ikkje brev lenger? Får historikarane i 2100 utlevert Facebook-chattane til Erna Solberg? Får dei tilgang til Leif Ove Andsnes sin Digipost? Får vi veta kva Magnus Carlsen søkte etter på finn.no? Får vi Google-historikken til Kristen Gislefoss?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis