Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Hundre og ein ute

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4728
20180608
4728
20180608

Sist veke var det Klok på bok-spalte nummer 100 frå meg. Eg heng ikkje med hovudet sjølv om det førebels har vore få – det vil seie null – gratulasjonar i samband med jubileet. Faktisk er eg så trygg på at redaksjonen og bladstyraren kjem fram til at boklækjaren skal ha ein passande bonus, at eg no sit i Lisboa og skriv spalta her.

Det er ikkje småpengar dei krev for ei flaske portvin av god årgang på den iberiske halvøya, og dei faste lesarane veit at det ikkje er berre berre å få bladstova til å betale utgiftene når boklækjaren er ute på tur. Eg treng eit litterært alibi når eg skal presentere alle rekningane for rekneskapsføraren, og denne gongen heiter påskotet Pessoa. Forfattaren Fernando Pessoa er gravlagd i Hieronymittklostret i Lisboa, og når eg får stramma meg opp til å vitja minnesteinen for forfattaren, skal nok godtgjersla verte godkjent. Lesarar som ikkje er så heldige at dei har Dag og Tid til å betale eit opphald i Lisboa, blir oppfordra til å lese Uroens bok av Pessoa som trøyst.

Løysingsboka i dag har ein tittel som nok skal få bladstyraren til å tenkje på om boklækjaren fortener ein bonus. Laurits Killingbergtrø skriv: «Det er artig med desse ’synonyma’ dine, Medikus, og denne gongen var stikkordet Hovudgevinst. Sidan boka er på nynorsk og (kanskje) er frå 2017, satsa eg på bøker frå Samlaget det året. Da stogga det naturleg opp med Premien for alt av Ingvild Holvik. (Eg skreiv ’kanskje 2017’, for vi kan ikkje vere trygge på at du sit med ei utgåve frå det året ei bok kom ut.) Ingvild Holvik er ein spennande forfattar, fødd i Bergen og no busett i Tromsø. Men nynorsken held ho på i desse storbyane – takk. Boka handlar om korleis det kan vere å bli gammal. Hovudpersonen er Mali Fredrikke Sjursen, og når ho er 79 år, kjem ho på sjukeheim. Lesaren får dele både tankar og opplevingar hjå ei som både ser attende på livet og lever i notida. Boka er til tider morosam og slett ikkje pessimistisk for oss som er på same alderssteget. Tittelen Premien for alt står truleg for sonen Thomas, det einaste barnet Mali fekk bore fram.»

Det vert ikkje premie til alle, men her kjem namna på kloke folk som fann fram til rett svar på oppgåve 1340: Torleiv Kløve, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Gunnar Bæra, Eirik Holten, Eli Hegna, Else Gjesdahl Sørensen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Jan Alfred Sørensen, Rannveig Nordhagen, Olav Holten, Jorunn Røyset, Per Trygve Karstensen, Ragnhild Eggen, Bjørg Ladehaug, Asbjørg Apalset, Skeisebibliotekaren i LASK, Marit Lindberg, Audun Gjengedal, Nils Ottesen, Turid Tirevold, Laura Killingbergtrø, Dei kvasse på Fana, Ingvar Engen, Petter Kristensen, Torgeir Daling, Olav Molven, Anne Berit Skaarer, Tor Inge Myren, Odd Storsæter, Tvillingene, Gunder Runde, Ingebjørg Sogge, Inger Margrethe Berge, Eva Sunde, Robert Øfsti, Bjørn Gjermundsen, Fritjof Lampe, Hilde Katrine Eriksen, Folke Kjelleberg, Sjur Joakim Fretheim, Toril Ringholm, Tore Skjæveland og Gjertrud Fanebust. Denne gongen lyt me gjere ekstra merksam på at det er heilt tilfeldig kven som vert trekt ut som bokvinnar. Vinnaren i dag er nemleg streikegeneral Olav Molven. Du hendelse! Me gratulerer og vonar streiken er over når dette kjem på prent.

Boklækjaren er vand til at det kjem både ris og ros frå lesarane. Me byrjar med risen: Fleire innsendarar gjorde merksam på at når eg etterlyser mellomnamnet på hovudpersonen, er eg ute på tynn is. No kunne eg innvende at det ikkje er så merkeleg at isen er tynn, så varmt som det har vore den siste månaden. Men slike bortforklaringar bit nok ikkje på Olav Holten. Han skriv: «Formelt er dette ’mellomnamnet’ ikkje mellomnamn, men andre førenamn. Mellomnamn er om ein har eit anna ’slektsnamn’ – i gamal tid ofte mor sitt – i tillegg til sitt eige.»

Holten har heilt rett, og eg vonar at me no er mange som vart litt klokare. Dei oppmuntrande orda kom frå Odd Storsæter denne gongen. Han var nøgd med oppgåva og skriv: «Ja, du gode Boklækjar. Enda en gang har du skapt interesse for ei ny og spennende norsk bok på nynorsk!»

Klok på bok 1342

Slik tok han seg fram, centimeter for centimeter. Han kjente at den mørke skjorta vart for tung. Den trekte han ned mot botnen. Han vrengte den av seg og merka snart eit nytt problem. Månelyset fekk dei kvite, våte armane hans til å skine.

Sitatet er frå side 54 i boklækjarutgåva (2017). Det er ei velskriven samling forteljingar me skal fram til i dag. Forfattaren er frå Trøndelag, men no busett i Oslo. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha namnet på vassvegen der handlinga i sitatet går føre seg. Send namn på vassvegen, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 16. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis