Hyttepost
Guri vart overraska og glad da ho fekk eit gratis tidsskrift i posten, nemleg Din lokale hytteguide for Dovre og Lesja. Etter å ha lese gjennom bladet kan vi konkludere med at det, utanom ein del lokal reklame, berre er éi einaste sak som handlar om Dovre eller Lesja, nemleg gladsaka «Nye kutt i Lesja-økonomien». Her finn vi ut at rådmannen blant anna har foreslått å kutte eingongstøtta til bygdebok for Lesja. Vi vil gjerne melde frå om at vi er ueinige i forslaget. Ut over det lokale tilsnittet kan bladet skilte med fleire gladsaker av meir nasjonal hytteinteresse: «Hvem eier egentlig hytta ved samlivsbrudd?», «Hvor mange hytter er det plass til – fortetting av hyttefelt» og «Her drikker vi mest» (altså på hytta). Bladet gjev oss ein del praktiske råd, for eksempel: «Med madrass og sengeklær gjøres badstuen raskt om til soverom for gjester.» Og vi avsluttar med dette supre tipset: «Trim før badstubadet gir svettekjertlene en ekstra stimulans, slik at de skiller ut mer svette».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Guri vart overraska og glad da ho fekk eit gratis tidsskrift i posten, nemleg Din lokale hytteguide for Dovre og Lesja. Etter å ha lese gjennom bladet kan vi konkludere med at det, utanom ein del lokal reklame, berre er éi einaste sak som handlar om Dovre eller Lesja, nemleg gladsaka «Nye kutt i Lesja-økonomien». Her finn vi ut at rådmannen blant anna har foreslått å kutte eingongstøtta til bygdebok for Lesja. Vi vil gjerne melde frå om at vi er ueinige i forslaget. Ut over det lokale tilsnittet kan bladet skilte med fleire gladsaker av meir nasjonal hytteinteresse: «Hvem eier egentlig hytta ved samlivsbrudd?», «Hvor mange hytter er det plass til – fortetting av hyttefelt» og «Her drikker vi mest» (altså på hytta). Bladet gjev oss ein del praktiske råd, for eksempel: «Med madrass og sengeklær gjøres badstuen raskt om til soverom for gjester.» Og vi avsluttar med dette supre tipset: «Trim før badstubadet gir svettekjertlene en ekstra stimulans, slik at de skiller ut mer svette».
Fleire artiklar
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?