I hamn med Hamsun
I dag skal oppgåveløysarane vete at eg er takksam, og at eg har rosande ord til dykk. Takksemda kjem av alle dei fine helsingane eg fekk i høve årsskiftet, og at det ikkje vart knute på tråden mellom oss då eg presenterte ein uortodoks Hamsun-kviss som oppgåve 1320. Eg var noko nervøs for responsen då eg sat og bala med spørsmåla, men sjeldan har eg hatt mindre grunn til å vere ottesam.
Laurits Killingbergtrø skriv: «Hamsun – herleg! Han har eg komplett i bokhylla. Denne gongen kan eg for ein gongs skyld tasle hyllelangs i håssalæståm heime og leite meg fram til svara.»
Også Gunder Runde var fornøgd: «Dette var ei kjekk avslutningsoppgåve 2017!»
Anne Berit Skaarer: «Dette er en konkurranse etter min smak, morsomt med litt detektivarbeid, og jeg ble virkelig inspirert til å lese Hamsun igjen.»
Ja, de er meg ein ypparleg gjeng, vyrde oppgåveløysarar. Heile 44 innsendarar tok seg bryet med å leita seg fram gjennom forfattarskapen til Knut, og av dei 44 var det 44 som hadde minst åtte riktige svar. Eg kan ikkje hugse at me har vore oppe i 100 prosent rette løysingar tidlegare, og eg er djupt imponert over klokskapen.
Ingvar Engen har verkeleg jobba med oppgåva og svaret frå han er laudabelt. På grunn av plassmangel må eg kutta litt i dei enkelte svara frå Ingvar. Han skriv:
«1. Mannen på bildet er Napoleon den tredje, president i Frankrike 1848–1852 og keisar 1852–1870.
2. Den gamle, ærverdige klokkeseljaren heiter Papst.
3. Namnet på garden er Oppigard Garmo i Lom.
4. Det første vi får høyra at Johannes ville bli når han vart vaksen, er ’fyrstikmaker’, for det var så ’deilig farlig’. Han kunne få svovel på fingrane så ingen torde helsa på han.
5. Samen som opptrer som lagnadsfigur, heiter Gilbert. Han er omtalt som lappen Gilbert.
6. Sitatet om Lydia er frå Konerne ved vandposten (1920).
7. Fuglane løytnant Glahn har skote utanom jaktsesongen, er to alker. Det er i alle fall det han vedgår når Hr. Mack konfronterer han med saka. Mack svarar: ’To alker eller to edderfugler, det er like meget. De har været innenfor fredlyst område.’
8. Etternamnet til Maren Maria, er Kjeldsen.
9. Storleiken på det tovenga insektet er ’middels’. Det dreier det seg om ei fluge, nærmare bestemt ’En ganske almindelig flue av middels størrelse’. Det er tittelen på ei novelle frå 1895.
10. Sitatet om sjølve livet som ’den rike forhåndsbetaling’ for alle ’elendigheter’ i livet er frå En Vandrer spiller med Sordin (1909).»
Desse kom vel i hamn med Hamsun og fekk ein god start på det nye året med oppgåve 1320: Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Per Trygve Karstensen, Nils Ottesen, Gunder Runde, Inger Anne Hammervoll, Else Bovim, Jorunn Øxnevad Lie, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Ellen Lian, Bjørn Gjermundsen, Marit Bredeveien, Jan Gausemel, Audun Gjengedal, Rannveig Nordhagen, Lise Berge, Eli Hegna, Gunn Bull-Berg, Petter Kristensen, Jan H. Landro, Jan Alfred Sørensen, Hallgeir Dale, Marit Lindberg, Rolv Stølen, John Olav Johnsen, Sjur Joakim Fretheim, Ivar Kristensen, Anne Berit Skaarer, Gunnar Bæra, Torleiv Kløve, Ingebjørg Sogge, Birte Næsheim, Laura Killingbergtrø, Hege Faust, Ingvar Engen, Ole F. Rødby, Folke Kjelleberg, Per Olav Skjevdal, Ingrid Marie Myklebust, Turid Tirevold, Eirik Holten, Inger Margrethe Berge og Bjørg Ladehaug. I dag er Ivar Kristensen bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1322
Hvilke tause dramaer utspiller seg ikke når noen plutselig ikke lenger er på talefot med en eller annen! Hvilken skole for mimikk dette er! Hvilke følelsesdyp røpes ikke av en stiv, avvisende rygg eller av en frossen profil! Hvilke lukter, aromaer og odører kan ikke sveve rundt i luften under en hundrewatts pære som henger i en elektrisk ledning tvunnet som en flette! Det er noe stammeaktig over en slik dunkelt opplyst grotte, noe opprinnelig – evolusjonært, om man vil, og over gasskomfyren henger kasseroller og kokekar som en slags tamtamtrommer.
Sitatet er frå side 181 i boklækjarutgåva (1988). Me skal fram til ei samling med essay i utval.
Forfattaren er nobel, men er fødd i eit år prisen ikkje vart utdelt. Forfattaren budde ikkje i fødelandet den siste delen av livet og vart berre 55 år. Tittelen på utvalet kan seiast å vere noko lite. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 19. januar.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»