I åndeverda
På mi førre Innside nemnde eg at Märtha Louise og Elisabeth Nordeng hadde overlevert engleskulen sin (heretter kalla Engleskolen II) til den gamle skulekameraten min Konrad og meg, og at vi skal prøve å gi han eit nytt image. Til gjengjeld har dei to føregåande eigarane nyss gitt ut ei bok om hypersensitive barn. I den samanheng tenkte eg det kunne høve å avslutte med ein reprise på ein gammal tekst:
«Lisa Williams har reist heim att. Du har gløymt kven Lisa Williams er? Nei, då, det er ikkje ho som var gift med Michael Jackson. Det var jo Lisa Marie Presley! No må du snart klare å skilje mellom ugler og mose. Lisa Williams er jo den gode venninna til vår eiga prinsesse, Märtha Louise, ho frå Amerika som kan prate med daude folk. (Om ho også kan prate med levande, har ikkje heilt gått fram av referata frå besøket hennar her i landet.)
Spørsmålet som melder seg er vel då først og fremst: Kor mange døde har du eigentleg lyst å snakke med? Og kva skal du eigentleg snakke med dei om? Kva er dei interesserte i, der på den andre sida? Dei ser vel ikkje dei same tv-programma som oss, og finst det eigentleg fotball der borte?
Det heile begynte på midten av 1800-talet, då to søstrer i ein liten by i staten New York høyrde underlege bankelydar om natta. Dette var starten på all kontakt med åndeverda, og særleg avdøde slektningar. Sjølv om søstrene seinare vedgjekk at det heile var tull og triks og noko dei hadde funne på, så var det for seint. Spiritismerørsla hadde då spreidd seg til store delar av verda og var ikkje lenger til å stoppe. Og kjende og høgt utdanna menneske kasta seg på, politikarar, vitskapsmenn og forfattarar.
Men tilbake til spørsmålet: Korleis ser det ut i denne åndeverda? Korleis lever dei der, så nær sagt? Ifølgje dei fleste framståande medium liknar det mykje på slik vi har det på denne sida. Ein bur gjerne i hus med hage rundt, ein giftar seg og stiftar familie, ein speler golf. (Men visstnok ikkje fotball.) Og: Ein drikk whisky og røyker sigarar! Så sjølv om eg slutta med sigarrøyking for fleire år sidan, kan eg godt tenkje meg å begynne att, dersom det er slik skikken og bruken er på den andre sida, for ikkje å skilje meg ut negativt og få dårleg rykte. Når eg eingong kjem dit. Og noko å frykte er det iallfall ikkje.
Men denne snakkinga? Dersom du høyrer til dei som kjenner eit sterkt behov for å snakke med døde, er det mangt som tyder på at du har visse problem med å snakke med levande. (Og eg vedgår at det ofte kan vere vanskeleg nok.) Og om ein skal tru rapportane, så har dei døde lite å by på. Nokon stimulerande samtale kan du iallfall ikkje vente deg.
Prøv heller å snakke litt med tenåringsungane dine. Det er nok det nærmaste du kjem.»
Om å byggje landet
Eg kan kanskje ha vore inne på dette temaet tidlegare, men om nokon skulle ha gløymt det, så var eg altså med og bygde landet. Eg jobba så sveitten silte ei heil veke, og då veka var over og skatten betalt, sat eg att med kr. 37,50. Det var akkurat nok til å kjøpe plata «Tadpoles» med The Bonzo Dog Band.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.