Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1795
20180914
1795
20180914

I samband med at heile Noregs matmor, Ingrid Espelid Hovig, nyleg gjekk bort, trykker Innsida eit dikt om henne:

TRETTI ÅR MED SILD I DILL

Tretti år med sild i dill,

alltid like god og mild.

Kokka over alle kokkar,

meisteren med mat som lokkar.

I teneste for riktig mat,

sunne ting på lekre fat.

Like trufast, like blid,

vår eigen Ingrid Espelid.

Tretti år med sylkvass kniv,

heile folket sit og skriv

oppskrifter på heismusikk

på dyresteik i stiv aspik.

Moderleg med smil parat,

minner oss på grøn spinat.

Alt frå sei til moden brie,

lagar Ingrid Espelid.

Like sikkert år for år

kjem lutefisk og lammelår.

Pylser over open ild,

med noko godt å drikke til.

Ho smiler sikkert og er stø,

når ho lagar loff med frø.

Sterk og fast med kjevla si,

det er Ingrid Espelid.

Tretti år med klart talent,

som TV-kokk og matskribent.

Når eg koser meg privat,

sver eg til Ingrid-mat.

Frå eg var liten og til no,

gjer eg akkurat som ho,

og juksar for å spara tid,

nett som Ingrid Espelid.

Gode skilt

Innsida er på veg inn i den varme sumaren med gode skilt. Både eigne som me har funne på vår veg, og frå gode lesarar som held augo opne. Sumaren i nord har vore dårleg inntil denne veka. Innsida la difor godt merke til skiltet på flyplassen i Bodø, som naturleg nok ville senda folk til sørlegare strok. Noko undrande stiller me oss likevel til sydenferiar i Stockholm. Rett nok ein triveleg by, men ein kan nok ikkje rekna med strandparasollar, sangria og grisefest overalt i den svenske hovudstaden, men det er kanskje sørleg nok for mange i Bodø?

Langt nok sør er nok uansett Rio. Men me skal ikkje til de Janeiro denne gongen, men til Voss, der det heiter både Rio og Grande. Varmt er det der òg, men likevel vil nok farande folk merka ein viss skilnad på den meir kjende venskapsbyen sør i Amerika.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis