Nøye utvalde krutongar frå Tripp-trapp-stolens krutongfabrikk.
Idrettsmamma (Guri)
Eg har ikkje tenkt at ungen min skal bli nøydd til å kompensere for dei manglande sportslege resultata mine. Men det er jo positivt at ho allereie før ho fyller eitt år har funne på ei ny idrettsgrein. Det kan hende at denne greina vil kome inn på det offisielle programmet for sommar-OL i Tokyo i 2020. Sporten krev intens konsentrasjon og utspelar seg på små flater. Han er eigna til både å engasjere og forarge publikum. Sporten heiter matgolf og går ut på å bruke ei skei til å klinke ned matbitar som ligg på bordet. Målet er at dei fortast mogleg skal flyge ned på golvet.
Gründermamma (Guri)
Eg har lite lyst til å bli ein slik overambisiøs forelder som projiserer sine eigne (uutlevde) ambisjonar over på ungen sin. Eg har ikkje tenkt å leggje mange planar for utdanning, yrke og hobbyar for ungen min. Men når ungen allereie i ein alder av elleve månader har slått seg opp som gründer med ein suksessrik krutongfabrikk, må det vera lov til å bli litt stolt.
Klokkestilling er ein tidstjuv
Bestemor vår sa at det betydde ulykke å stille klokka bakover. Så når det gjekk frå sommar- til vintertid, måtte ho stille klokkene sine elleve timar framover i staden.
Men sjølv om ein går for den lettvinte varianten og stiller klokka ein time bakover, brukar ein framleis litt tid på det. Og tenk på kor mykje tid alle innbyggjarane i Europa brukar på å stille klokkene sine til saman – tid som ein kan bruke til andre ting: starte bedrift, leve miljøvenleg, bruke refleks eller donere pengar til ein frivillig organisasjon.
I vår digitale tid stiller ofte klokkene seg sjølve. Men dette er veldig forvirrande. For når ein vaknar opp dagen etter eit klokkeskifte – korleis kan ein vite om klokka har stilt seg sjølv eller ikkje? Ein må vente på nyheitene på radioen, ringe frøken Ur eller berre kjenne det på gikta. Det er på tide å ta klokkastillinga tilbake!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.