Ingen offentleg tenestemann har vel konsumert meir dop i arbeidstida enn kinesaren Lin Zexu (1785–1850) gjorde i tida etter 2. juni 1839. I eigenskap av keisarleg kommissær til Guangdong øydde han opp meir enn 20.000 konfiskerte kassar med opium – om lag 1,2 millionar kilo til saman.
500 sjauarar sleit i 22 dagar for å brenna og/eller blanda opiumen med kalk og salt og hiva han på havet. På same tid arresterte Zexu 1700 lokale langarar og kverrsette meir enn 70.000 opiumspiper.
Men ikkje nok med det: Zexu skreiv eit langt, ope og irettesetjande brev til sjølve «bakmannen», dronning Victoria av Storbritannia. For det var frå landsmennene hennar han hadde teke opiumen. Storbritannia var eit kongeleg narkotikakartell med monopol på å forsyne Kina, og dei skydde lite for å få konsumet opp. Mellommennene hadde den kongelege britiske marinen i ryggen.
«Kina forsyner Dykk med verdfulle varer som te, porselen, silke og krydder», skriv han, «medan dei einaste me får att, er gift. Dei som driv denne handelen, er barbarar som ikkje berre plyndrar Kina, men òg freistar forgifta det kinesiske folket.»
Lin Zexu skriv òg at han har høyrt at opiumsbruket er illegalt i heimlandet til dronninga, og at britane dimed veit korleis dette stoffet bryt menneska ned. «Vi må berre undrast», skriv han, «kor er samvitet dykkar?»
Brevet nådde sjølvsagt ikkje dronninga. Men at Zexu skulle ta britisk dop bort frå dei kinesiske gatene, var ein provokasjon som var stor nok til at Storbritannia gjekk til krig mot Kina.
Denne fyrste opiumskrigen varte frå 1839 til 1842 og kosta opp mot 20.000 kinesarar livet – mot 69 britar. Han enda med kinesisk tap og keisarleg knefall for dronninga. Opiumshandelen fekk halda fram til dess Kina hadde samla krefter til ein ny opiumskrig. «War on drugs» er såleis ikkje noko USA har funne opp, den æra skal Lin Zexu ha.
I samtida møtte han rett nok lite takksemd. Krefter i det kinesiske samfunnet heldt han ansvarleg for krigen og sytte for at han blei forvist. I 1845 blei han atter henta inn til offentleg teneste, for å slå ned Taipingopprøret. Men før han nådde fram, fekk Lin Zexu influensa og døydde. På sin post.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.