Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Inne i varmen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4258
20180119
4258
20180119

Omtrent på denne tida sist år var boklækjaren på studietur i Bayern. Det var ein norsk forfattar og eg som var på leit etter avtrykk frå opphalda til Hulda og Arne Garborg i Dießen am Ammersee. Diverre var det for mykje snø i Dießen då vi var der, difor vart det så som så med å finne fotspora til ekteparet Garborg. Kan hende var det òg andre faktorar som gjorde at føremålet med ekskursjonen drukna, ja, nokre vil nok vere så frekke at dei hevdar at prosjektet gjekk fløyten, men de skal vete at me har lystige minne der båe deltakarane er iført tyrolarhatt.

Også i år har me tradisjonen tru ei studiereise til Tyskland. Denne gongen held me seminar i sjølvaste Röcken i delstaten Sachsen-Anhalt, og oppgåveløysarar som skjønar kvifor me vitjar nett denne landsbyen, får ei ekstra stjerne her i bokstova.

Så til løysinga på oppgåve 1321. Gunder Runde skriv: «Trass i ei lang rekkje med eineståande islandske forfattarar dei siste 10–20 åra, er det langt mellom islandske prisvinnarar i Nordisk råds litteraturtevling. Det er heilt uforståeleg kvifor ikkje t.d. Jón Kalman Stefánsson, Kristin Marja Baldursdóttir eller Bergsveinn Birgisson har fått tildelt denne prisen. Og det same gjeld for dagens forfattar, nemleg Hallgrímur Helgason. Boka det er tale om denne gongen, er den frodige og burleske Kvinnen ved 1000°. Boka er inndelt i heile 115 kapittel, og mi utgåve er på 480 sider, men det er ikkje ei side for mykje. Ei fantastisk, djupt original bok. Hallgrímur debuterte som forfattar i 1990, men det vart ikkje særleg blest omkring diktinga hans før han gav ut romanen 101 Reykjavik (1996), som vart gjennombrotet hans som forfattar, og som også er filmatisert, med stor suksess. Sidan det har han skrive fleire romanar, mellom anna ei skandaleprega historie der han harselerer over Islands store forfattar, Halldór Laxness. Heile tre gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, utan å nå fram i tevlinga. Eit lite PS til Laurits: Avstanden frå tastaturet til datamaskina mi og til den aktuelle plassen i bokhylla der denne boka står, har eg målt til nøyaktig 82 cm – i luftlinje...»

Torleiv Kløve skriv: «For om lag førti år sidan hadde Harald Heide Steen jr. eit innslag i Nitimen som ’Riksturistsjef Johansen’. På bakgrunn av inflasjonen på Island kunne han fortelja at hundre ’norske’ grader var tusen islandske grader. Om Hallgrímur Helgason tenkte slik då han skreiv boka Kvinnen ved 1000°, veit eg ikkje. Tittelen viser til at Herbjörg María ligg på det siste og ynskjer kremering. Ho har funne at temperaturen i omnen må vera 1000 grader; i norske forskrifter er kravet minst 700 ’norske’ grader.»

Inne i varmen hjå boklækjaren er desse innsendarane i oppgåve 1321: Gunn Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, Laurits Killingbergtrø, Per Olav Skjevdal, Torleiv Kløve, Else Bovim, Jorunn Røyset, Randi Brenden, Asbjørg Engebø Rystad, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Birte Næsheim, Sven Erik Vestby, Audun Gjengedal, Per Skjæveland, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Toril Mesna, Audun Sjøstrand, Ingrid Marie Myklebust, Anne Ma Brox, Kirsten Bakke, Eli Hegna, Tor Inge Myren, Turid Tirevold, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Marit Lindberg, Eva Sunde, Sjur Joakim Fretheim, John Olav Johnsen, Rannveig Nordhagen, Folke Kjelleberg, Fritjof Lampe, Bjørn Gjermundsen, Olav Holten, Eirik Holten, Ivar Kristensen, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Margrethe Berge, Anne-Marie Grønhaug, Tvillingene, Petter Kristensen, Tove Knutsen og Idar Lind, Ingebjørg Sogge, Robert Øfsti, Rolv Stølen og Olav Molven. I dag er Anne Ma Brox bokvinnar. Gratulerer!

Til sist lyt eg rette opp feila frå i går: Skeisebibliotekaren i LASK hadde 10 rette på Hamsun-kvissen, men sklei ut av namnelista på siste indre. Det kjem av ein inkurie.

Klok på bok 1323

Du gjorde det du kunne Det du skulle gjera Du kan ikkje få alt

Du fekk to gamle hender Og denne sekken du alltid har med deg

Sitatet er frå side 110 i boklækjarutgåva (2016). Forfattaren er fødd same året som ein kjend russisk sjakkspelar. Me skal fram til ei diktsamling der tittelen også denne gongen gjev eit vink om at det kan verte varmt. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 26. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis