Innsida spanderar eit dikt til bruk i 50-årslag no i helga.
50
Tida går fort
for ein kar i full sving.
No er du halvvegs,
«long live the king».
Du er ferdig med testing
av nymotens ting.
Slapp av, gamle ørn.
det gjer ingenting.
Du er 50, min ven.
Du kan plystra på damer,
men sjølv har du ring.
Du vert gått frå i bakken,
og har tights når du spring.
Du går ikkje i slips,
eller pynt eller bling.
Ein verdsmann med pondus,
du reiser omkring.
Du er ikkje moderne,
høyrer framleis på Sting.
Uansett kva dei spelar,
så dansar du swing.
Slapp av, gamle røvar,
det gjer ingenting.
Du er 50, min ven.
Du var ein staseleg kar
og ein livsfarleg ving.
Nordavinden
Av tidl. kokkelærling ved Mælands Hotel, Ivar Nimme.
Så kom nordavinden
drivande
rett inn på garden
Han stod breibeint
og tok imot
Han hadde ikkje noko
imot nordavinden
Det var ho
som drog med han
han ikkje kunne fordra
Ho kom ikkje
Ho sprang nedover
mot bussen
med hjarta hans
i handveska si.
Ingrid i teikneserie
Innsida har kome over eit gamalt seriehefte. Ved fyrste augnekast kan ein tru at dette er eit dansk tidsskrift om mat, men det er det altså ikkje. Sjølv om vår eiga Ingrid Espelid Hovig er i kjent driv på fyrstesida. Men dette er ikkje mat. Det er den norske utgåva av humormagasinet Mad. Eit lite nostalgisk attersyn. Den amerikanske utgåva går attende til 1952, medan den norske kom fyrst i 1971 og var litt att og fram til det var heilt slutt i 1996.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Innsida spanderar eit dikt til bruk i 50-årslag no i helga.
50
Tida går fort
for ein kar i full sving.
No er du halvvegs,
«long live the king».
Du er ferdig med testing
av nymotens ting.
Slapp av, gamle ørn.
det gjer ingenting.
Du er 50, min ven.
Du kan plystra på damer,
men sjølv har du ring.
Du vert gått frå i bakken,
og har tights når du spring.
Du går ikkje i slips,
eller pynt eller bling.
Ein verdsmann med pondus,
du reiser omkring.
Du er ikkje moderne,
høyrer framleis på Sting.
Uansett kva dei spelar,
så dansar du swing.
Slapp av, gamle røvar,
det gjer ingenting.
Du er 50, min ven.
Du var ein staseleg kar
og ein livsfarleg ving.
Nordavinden
Av tidl. kokkelærling ved Mælands Hotel, Ivar Nimme.
Så kom nordavinden
drivande
rett inn på garden
Han stod breibeint
og tok imot
Han hadde ikkje noko
imot nordavinden
Det var ho
som drog med han
han ikkje kunne fordra
Ho kom ikkje
Ho sprang nedover
mot bussen
med hjarta hans
i handveska si.
Ingrid i teikneserie
Innsida har kome over eit gamalt seriehefte. Ved fyrste augnekast kan ein tru at dette er eit dansk tidsskrift om mat, men det er det altså ikkje. Sjølv om vår eiga Ingrid Espelid Hovig er i kjent driv på fyrstesida. Men dette er ikkje mat. Det er den norske utgåva av humormagasinet Mad. Eit lite nostalgisk attersyn. Den amerikanske utgåva går attende til 1952, medan den norske kom fyrst i 1971 og var litt att og fram til det var heilt slutt i 1996.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.