Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Innsidas adventskalender

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2253
20171208

Luke 8:

Er du lei av tradisjonell julebakst? Her kjem eit tips: Kvern ein pose tyrkisk pepar og bland i deigen, så får du tyrkiske peparkaker. (Men du må for all del ikkje laga ein tyrkisk peparkakemann som du kallar Erdogan, for da set du peparkakehuset ditt i ein diplomatisk krise.)

Luke 9:

Gratulerer, du har vunne ei reise frå Porsgrunn til Oslo. På veg inn til hovudstaden startar du turen med buss for tog til Larvik. Herfrå kan du slappe av på toget heilt til Drammen, før du får ei fin avveksling med litt buss igjen. I Asker kan du gå på toget att, og du rekk å drikke ein halvuggen kaffi frå automaten før du er framme på sentralstasjonen. God tur!

Luke 10:

Oi, du vann også returreisa attende til Porsgrunn. Flaks! Nå vil du ta ei anna rute, og du får bilskyss til Kongsberg. Her går ferda vidare med buss til Notodden, før du skal ta siste etappe med tog. Du må leite etter Notodden stasjon, som ligg på ein mystisk stad litt utanfor sentrum. Dessverre er det søndag, og NSB har oppgjeve rutetidene for måndag da du søkte på nettet. Bratsbergbana går ikkje i helga, og du må spasere attende til skysstasjonen. Heldigvis må du berre vente ein time til det går ein buss, men ops, han kjem visst aldri. Sikkert like greitt, så slepp du å byte på Sagavoll, og du kan ta ein direktebuss. Du må berre vente enda ein time, men det går bra, for da kan du eta ei peparkake og pakke inn alle adventskalendergåvene du kjøpte i Oslo.

Adventskalenderbonansaen er i gang. Norske barn (og vaksne) får tonnevis med plastikksøppel i kalendrane sine. Denne førjulstida har det vore ein slags aksjon frå nokre slitne småbarnsforeldre som er lei av å bruke mykje tid og pengar på å handle inn gåver. Da Anne Lindmo la ut ein video der ho oppfordra foreldre til å gå ned i kalenderkvalitet, vart han delt fjørti-børti millionar gonger. Men da bloggar Line Victoria Husby-Sørensen skreiv at ho vart sveitt av andre «pakkekalender-mammaer», fekk ho stygge kommentarar i retur.

Har du brukt opp tida, pengane og kreftene på å kjøpe inn dyre slikeband – og difor ikkje fått ferdig årets kalender? Ikkje fortvil! Her kjem ein skikkeleg immateriell politisk korrekt lågkvalitetsadventskalender pakka inn i Dag og Tids avispapir.
Vel bekomme!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Adventskalenderbonansaen er i gang. Norske barn (og vaksne) får tonnevis med plastikksøppel i kalendrane sine. Denne førjulstida har det vore ein slags aksjon frå nokre slitne småbarnsforeldre som er lei av å bruke mykje tid og pengar på å handle inn gåver. Da Anne Lindmo la ut ein video der ho oppfordra foreldre til å gå ned i kalenderkvalitet, vart han delt fjørti-børti millionar gonger. Men da bloggar Line Victoria Husby-Sørensen skreiv at ho vart sveitt av andre «pakkekalender-mammaer», fekk ho stygge kommentarar i retur.

Har du brukt opp tida, pengane og kreftene på å kjøpe inn dyre slikeband – og difor ikkje fått ferdig årets kalender? Ikkje fortvil! Her kjem ein skikkeleg immateriell politisk korrekt lågkvalitetsadventskalender pakka inn i Dag og Tids avispapir.
Vel bekomme!

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis