JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

55 personar søkjer ein forfattar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4293
20211008
4293
20211008

I skrivande stund spekulerer boklækjaren på kven som får Nobelprisen i litteratur 2021, og lesarane skal ikkje vere i tvil: Når eg får grubla meg ferdig, kjem eg fram til presis same vinnaren som Svenska Akademien. Kan hende. Mest sannsynleg kjem eg til å bomme grovt.

Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Noko enklare er det å sjå attende i tid og ha ei meining. I det tindrande klare ljoset til etterpåklokskapen er det utvilsamt nokre nobelprisvinnande forfattarar som i større grad enn andre skreiv seg inn i litteratursoga. Ei uhøgtideleg undersøking i bokstova viser at Klok-redaksjonen meiner at Knut Hamsun, Thomas Mann og José Saramago er dei tre forfattarane som fekk aller mest som fortent, då dei vart inviterte til fest i Stockholm.

På andre sida har me alle dei som ikkje fekk prisen, men som utan skugge av tvil burde hatt han. Her kan lesarane sjølv få sette inn førenamn: Zola, Tsjekhov, Ibsen, Twain, Strindberg, James, Proust, Kafka, Conrad, Rilke, Gorkij, Joyce og Woolf. Du klarte alle 13, ikkje sant?

Med desse namna i mente er det ein fin klubb Kjell Askildsen no er medlem av.

Løysingsforfattaren denne veka var neppe på poesifestival i Ulvik, men verdig vinnar av Nobelprisen i litteratur var han likevel. Ingebjørg Sogge skriv: «Trur du at du veit kven du er? Og at andre oppfattar deg slik du sjølv gjer? Da er det kanskje best å ikkje lesa Luigi Pirandellos Ein, ingen og hundretusen. Verda blir aldri den same att, heller ikkje det å sjå seg sjølv i spegelen. Identitetskrisa er eit ynda tema i modernistisk litteratur, og Pirandello var tidleg ute med tankar om den upålitelege personlegdommen. På den andre sida meinte allereie fader Shakespeare at heile verda er ein scene, og at vi alle spelar roller.»

Ole Tom Røed skriv: «En strålende bok! »

Også Inger Anne Hammervoll rekna ut at svaret var Pirandello. Ho skriv: «Når eg les namna på dei som har fått Nobelprisen i litteratur, forstår eg kor svimlande mykje eg skulle/burde ha lese, og kor forsvinnande lite eg har på den litterære brukskontoen min. Her kjem Kpb inn som eit godt hjelpemiddel; eg får kjennskap til forfattarar og bøker, slik at eg i sosialt samvær kan snakke om både dette og hint innafor bokverda, utan eigentleg å vere så fole(!) ’belest’. Eg stoler på at alt bokdokteren fortel oss pasientar, er sant og visst, så dersom eg fell for freistinga å antyde at eg faktisk har vore med på noko eg trur, og synest å hugse, var ein poesifestival ein plass i Hardanger, kjenner eg meg trygg på at det ikkje blir avslørt som fake news. Måtte Kpb aldri forsvinne!»

Det var 55 personar som søkte fram forfattaren som var løysinga på oppgåve 1499: Laurits Killingbergtrø, Gunn Bull-Berg, John Olav Johnsen, Ragnhild Eggen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Marte Myklebust, Fritjof Lampe, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Bjørg Ladehaug, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Turid Tirevold, Jorunn Røyset, Jon Grepstad, Per Trygve Karstensen, Magnhild Reisæter, Tor Inge Tennfjord, Hans M. Gautefall, Skeisebibliotekaren i LASK, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Torbjørn Ohnstad Skaim, Ole Tom Røed, Audun Gjengedal, Nils Farstad, Bjørn Gjermundsen, Pål Amdal, Vigdis Hegna Myrvang, Olav B. Larsen, Gunnar Eide, Sigrun Gjengedal Ruud, Anne Berit Skaarer, Helge Flæte, Eirik Holten, Jorunn Øxnevad Lie, Bjørn Myrvang, Eva Sunde, Sjur Joakim Fretheim, Kjell Helge Moe, Reidar Birkeland, Else Gjesdahl Sørensen, Dei Kvasse på Fana, Jan Alfred Sørensen, Geir Nævdal, Sissel Gunnarshaug, Geir Instanes, Torbjørg Langdal, Inger Margrethe Berge, Robert Øfsti, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Også denne gongen har me ein bokvinnar, og han heiter Eirik Holten. Gratulerer!

Klok på bok 1501

Øynene var grå og klare, men treige til å vise følelser. Han hadde for lengst perfeksjonert kunsten å stirre rett gjennom folk, han forlot samtalene og fulgte dagdrømmene ut gjennom bakhodet på dem og videre ut et vindu.

Sitatet er frå s. 74 i boklækjarutgåva (2021). På originalspråket kom boka ut i 2020. Me skal fram til ein debutroman. Løysingsforfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på engelsk. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 16. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis