JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Akk for alt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4763
20210903
4763
20210903

No i helga er det poesifestival i heimbygda til Olav H. Hauge, og boklækjaren har tenkt seg til Ulvik. I fruktbygda vert det nok lyrisk stemning, men før eg kjem fram, er det fare for gråt og illelåt. Av uforståelege årsaker er eg nemleg ein del av eit følgje som skal vandre frå Hallingskeid til Osa før me skal på festival. Kvifor gjere det enkelt?

Det er ikkje poesi aleine som står på programmet i Ulvik. Då eg var liten, var epleslang i Hardanger ein av draumane eg bar på. I vaksen alder kan ein bli uglesett og etterlyst om ein driv med slikt. No veit de kvifor eg har med lausskjegg og parykk på poesifestival. Ikkje sei det til nokon.

Som svar på oppgåve 1494 skriv Gunnar Bæra: «Den italienske forfattaren Alessandro Baricco er fødd i 1958 og har sidan 1991 ein stor produksjon av romanar, noveller, essay og stykke for film og teater. Fem romanar er omsette til norsk, og ein av desse er oppgåveboka Silke. Hovudpersonen Hervé Joncour mistar kona Hélène i hjernefeber, og på gravsteinen har han fått rissa inn eitt enkelt ord: ’Hélas’. Det svarar vel til det kort utropet som me kan finna i ein del eldre norsk litteratur: ’Akk’.»

Dei Kvasse på Fana skriv: «Akk og ve, Medikus Libri. Vi gjer eit søk i biblioteket sin bokbase etter romanar utgitt i 1997, på bokmål av utanlandske forfattarar, og får opp ei liste med 99 kandidatar. Vi skal til å gå gjennom lista då vi vert avbrotne av ein lånar som spør etter Silke av Alessandro Baricco. Ho kastar eit blikk på skranken der Klok på bok-oppgåva ligg klar. ’Så det er de som er dei kvasse på Fana’, seier ho, og vidare med triumf i stemma: ’Det er denne boka som er løysinga, kan eg få låna henne?’ Vi rekk å slå opp på side 103 og finn at ho har heilt rett, før ho får med seg boka ut døra. Løysinga låg som nummer 11 på sjekklista vår, så vi hadde nok funne fram, men dette vart eit ’barneskirenn’ for oss denne gongen.»

Tor Inge Tennfjord skriv: «Kona sit og syr på ein barnekjole med ein blondekant av margilansilke farga med japansk indigo frå eigen hage. Eg les høgt frå Silke, ei historie som Alessandro Baricco har skrive. Hovudpersonen Hervé Joncour reiser frå Lavilledieu i Sør-Frankrike til Japan i 1860-åra for å hente heim friske silkeormegg. Han forlet heimbyen i oktober og kjem att først i april med det dyrebare innhaldet i bagasjen. Akkurat tidsnok til at egga vert klekte, og morbærtreet får lauv. Hervé følgde ikkje Silkevegen. Han tok den raskaste landruta til Japan. Margilan ligg i Ferganadalen i Usbekistan og var eit knutepunkt på Silkevegen. I Fergana-regionen vert silke framleis framstilt etter eldgamle tradisjonar, og Margilan er eit Mekka for silkeelskarar. Det er berre 800 år sidan Vest-Europa kom i gang med silkeproduksjon. Kinesarane har hatt kunnskapen om å spinne silke i 6000 år, og først 300 år inn i vår tidsrekning hadde japanarane fått tak i silkeormane. ’Hélas’, rita Hervé Joncour inn på gravsteinen til kona, det kan vi omsette med ’akk’. Men vi treng ikkje å gi slepp på draumen om ein gong å ta turen til Margilan av den grunn.»

Om det var silkeføre på vegen fram til løysinga, veit me ikkje, men desse kom fint i mål på oppgåve 1494: Signar Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Winjum, Inger Anne Hammervoll, Gunnar Bæra, John Olav Johnsen, Laurits Killingbergtrø, Ragnhild Eggen, Gunn Bull-Berg, Ole Husby, Lise Haaland, Jan Alfred Sørensen, Turid Tirevold, Laura Killingbergtrø, Eli Hegna, Tor Inge Tennfjord, Gunder Runde, Reidar Birkeland, Truls Songstad, Bjørn Gjermundsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Petter Kristensen, Bjørn Myrvang, Jorunn Røyset, Jan Erik Røed, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Brita Lundeland, Erik Aamlid, Fritjof Lampe, Kjell Helge Moe, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Farstad, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Torbjørg Langdal, Ingebjørg Sogge, Pål Amdal, Robert Øfsti, Pål Amdal, Dei Kvasse på Fana, Per Trygve Karstensen, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Kirsten Bakke, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen. Bokvinnaren denne veka heiter Reidar Birkeland. Gratulerer!

Klok på bok 1496

Mora fann fram te og bollar frå sekken. Ho hadde ikkje saft med, slik faren brukte å ha, og ho tende heller ikkje eit lite bål av bjørkekjerr, slik han hadde gjort dei gongene det var han som var med. Ei stund lurte han på om han skulle føreslå å gjere det, det kunne kanskje gjere om på noko, men han heldt seg frå det.

Sitatet er frå s. 67 i ein roman som kom ut i år. I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på spansk. Med ei raus og laus tolking av filosofihistoria kan Heraklit og Tales frå Milet knytast til tittelen på boka. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 11. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis