Attende til naturen
Så vart det endeleg sommarferie. Den draumen me bar på sist sommar om at noko vedunderleg skulle skje, det skjer no. Dette er sommaren då alt er så behageleg, og verda er diskré. Dette er sommaren for å lese langsamt i ei bok. Om kvelden skal me sitte rundt eit bord, og me skal synge gamle songar om igjen. Og tru meg, me skal atter drikke vin og snakke saman om dei same gamle ting.
Alt dette og meir til skal boklækjaren gjere i Italia. Etter kvart har det vorte ein inngrodd vane at eg er i Liguria når det er sommar. Og som alle veit: Ein gammal vane kan det vere vanskeleg å vende om på. Men kvifor vende? Nei, om eg absolutt skal snu opp ned på noko ein sommarkveld, får det verte nok ei flaske vin.
På dagens oppgåve er det ekstra lang svarfrist, slik at folk kan få ta det piano i ferien. Så er det berre om å gjere å lokalisere ein lur gøymestad der ein no og då kan snike seg til ei stille stund med ei god bok. Klok-redaksjonen ynskjer alle lesarane ein prima sommar.
Så til svaret på oppgåve 1489. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk igjen, Medikus. Men denne gongen vart det eit bal å finne forfattar og bok. Kryssleiting med ‘norsk forfattar’ ‘roman 1999’ og dei aktuelle fødselsåra leidde meg omsider til Dag Johan Haugerud og boka Noe med natur. Men eg har ikkje boka, og ho er ikkje å oppdrive i bokhandlar eller bibliotek her i byen. Eg måtte gje etter for det enklaste, å lese ho på nettet. Der kjem eg mot slutten til feiringa av 17. mai, der eg-personen er peikt ut til å bere fagforeiningsfana, motviljug. Den Grand Prix-songen han får høyre korpset spele to gonger, er ’La det swinge’. Sei ikkje noko vondt om den songen, som førte så mykje heider til fedrelandet vårt. Dag Johan Haugerud er fødd i 1964, det året den franskskrivande forfattaren Jean-Paul Sartre vann nobelprisen, men den takka han nei til. Og Haugerud er ein allsidig kunstnar, ja. Han er ført opp som både forfattar, filmskapar og bibliotekar på Wiki.»
Petter Kristensen skriv: «Løsningen denne gangen er Dag Johan Haugerud og romanen Noe med natur fra 1999. Jeg er sikkert ikke den eneste som satset alt på ett kort og havnet utpå glattisen i første omgang. Kunne det være andre enn Jo Nesbø og hans beskrivelse av Stemmer fra Balkan i 1999? Ikke bare er han den best kjente forfatteren som fylte kriteriet med hensyn til fødselsår, handlingen foregår også i løpet av en kort periode i mai inkludert 17. mai. Stemmer fra Balkan er ikke så lett å få tak på og viste seg å være et bomskudd. Men Medikus Libri hadde lagt inn et finurlig tips ved å opplyse at den franske forfatteren var utropt til nobelprisvinner. Bare Jean-Paul Sartre ble utropt til vinner uten å ta imot prisen, så ny leting etter bokmålsforfatter født i 1964 ga rett svar når turen for leteaktiviteten til den allsidige kunstneren kom til film. Haugerud er da også en populær forfatter som vant P2-lytternes romanpris i 2016 med Enkle atonale stykker for barn. En intrikat oppgave som ga meg mulighet til å bli kjent med to interessante og svært forskjellige bøker.»
Oppgåve 1489 var av vanskeleg natur, men desse klokingane kan sin kultur: Signar Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Winjum, Sjur Joakim Fretheim, Tor Inge Tennfjord, Gunder Runde, Laura Killingbergtrø, Eli Hegna, Turid Tirevold, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnar Eide, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Jan Erik Røed, Gunnar Bæra, Per Trygve Karstensen, Kjell Helge Moe, Fritjof Lampe, Jorunn Røyset, Vigdis Hegna Myrvang, Inge Strand, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Anne Berit Skaarer, Robert Øfsti, Petter Kristensen, Folke Kjelleberg, Ole Husby, Dei kvasse på Fana og Ole G. Evensen. Siste bokvinnar før ferien heiter Ole G. Evensen. Gratulerer!
Klok på bok 1491
Når den eventyrlege latteren fløymer opp og fløymer over, frå ei usynleg kjelde i djupet av dette nye mennesket, då er eg sjølv så lykkeleg som eg kan bli – og eg veit: Dette gjorde far òg, og barnet i hendene hans var meg. Det som no er fjern, dim fortid, var eit nært, skirt no. Han lærte meg å smile, og det var han eg smilte til, han eg gav den vilkårslause kjærleiken min.
Sitatet er frå s. 98 i boklækjarutgåva (2020). I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein forfattar frå Island. Tittelen på boka kan freiste folk til nakenskap. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på farmora til forteljaren i løysingsboka. Send førenamn på farmor, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 31. juli.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.