JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Babelsk forvirring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4836
20230901
4836
20230901

I byrjinga på visa «Du ska få en dag i mårå» av Alf Prøysen, får me høyre om den vesle ulykkelege guten som ikkje fekk teikne Babylon, av di læraren sa nei. Det går ikkje fram av teksten kvifor læraren var så urimeleg, heller ikkje kva for motiv guten såg føre seg. Mest truleg var det anten nokre hengande hagar eller Babels tårn. I bokstova er me overtydde om at guten allereie neste dag fekk ein ny sjanse, og at teikninga vart fin.

Det er i Fyrste Mosebok me kan lese om byen Babel og det noko ambisiøse prosjektet med å byggje eit tårn som skulle nå opp til himmelen. Desse planane var ikkje populære hjå Vårherre, og som mange veit, vart resultatet at folk ikkje lenger fekk snakke eitt og same språk. Og at me fekk uttrykket «babelsk forvirring».

Det er vel heller tvilsamt at landsmål nokosinne har vore einaste språket i verda. Kan hende skal me difor sende ein takk til desse tårnbyggarane i Babylonia; utan dei hadde me ikkje hatt nynorsk.

Meir Babel vert det når me no skal sjå på løysinga me skulle fram til denne veka. Eli Hegna skriv: «Under opphold i Moskva i 1920-årene lærte min far seg russisk ved bl.a. å oversette romaner av Maksim Gorkij (1868–1936) til norsk. Det bar frukter! Gorkij var en betydelig inspirator, særlig for mange skjønnlitterære forfattere. En av dem var Isaak Babel (1894–1940). Som gryende forfatter fikk han gode råd fra Gorkij om å skrive selvbiografiske noveller. En av dem, Historien om mitt dueslag, som etter hvert ble utgitt i samlingen Fortellinger fra Odessa, er dedisert (naturlig nok) til Maksim Gorkij. Som jødisk forfatter og skribent led Isaak Babel en grusom skjebne i årene før krigen – fengslet, torturert og skutt i 1940. Rehabilitert ble han seint på 1950-tallet.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny oppgåve, Medikus. Sitatet tek eg ikkje på sparket, men det verkar interessant, ei rådgjeving til å forme ei god setning. Men skulle eg tenkje på alle desse råda når eg skal forme setningar, er eg redd eg vart nokså seintalande. Medikus gjev opp to utgjevingsår, 1931 og 2022, og opplyser at forfattaren både er fødd og døydde eit år det ikkje vart delt ut nokon nobelpris i litteratur. Da er det rimeleg å gisse på tida før 1901 og åra 1940–43. Eg grip til mitt kjære Oria og søkjer på kombinasjonen ‘fortellinger 2022 1931 1940’ for å prøve med det første krigsåret først. Søket gav overkomeleg få tilslag, som eg saumfor eitt etter eitt. Eg enda opp med Isaak Babel: Fortellinger fra Odessa. (Sjølvsagt forfattar og emne frå Ukraina i desse tider.) I jakta på boka fekk eg ein tur opp til den fine bydelen Røa, for på Deichman der skulle boka finnast. Det stemte, og eg fekk sjekka at sitatet stod på rett side. No er eg heime att og skal til å lese, med særleg auge på dette tilleggsspørsmålet. Det kan stundom vere nokså strevsamt, men denne gongen må visst Medikus ha vore i godlag. (Men au, du blir vel snart lei av alle fintane mine.) Ei av forteljingane har nemleg tittelen Historien om mitt dueslag. Da brenn vel tampen, og enda meir når stykket er ’Tilegnet M. Gorkij’. Da trur eg at jobben er gjord, og eg kan bikke meg attover i godstolen og nyte resten av boka i den gode omsetjinga av Marit Bjerkeng.»

Nina Korbu skriv: «Disse oppgavene gir meg jo lyst til å lese alle oppgavebøkene jeg ikke har lest.»

På oppgåve 1590 var det ikkje antyding til babelsk forvirring i svara me fekk frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Ragnhild Eggen, Per Trygve Karstensen, Bjørn Myrvang, Audun Gjengedal, Olav Holten, Jorunn Røyset, Gunder Runde, Thana Rongen, Marta Kløve Juuhl, Skeisebibliotekaren i LASK, Sigrun Gjengedal Ruud, Eirik Holten, Jan Alfred Sørensen, Ole Husby, Else Gjesdahl Sørensen, Kjell Helge Moe, Fritjof Lampe, Inge Strand, Gunnar Eide, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Anne Hammervoll, Nina Korbu, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Sjølvsagt har me ein bokvinnar i dag òg. Ho heiter Jorunn Røyset. Gratulerer!

Klok på bok 1592

Det er etter lange overveielser jeg har besluttet å holde disse oppdagelsene for meg selv, uvitende om jeg på den måten oppfyller eller opphever intensjonen til det overgripende manuskriptet, i hvilket vi alle uforvarende utspiller vår rolle.

Sitatet er frå avslutninga på ein roman som kom ut fyrste gong i 2021. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit skotår då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein svensk forfattar. I eit fornøyeleg brev i boka, vert det fortalt om ei natt i naudhamn og eit særs spesielt måltid. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva denne nattmaten i naudhamn bestod av. Send skildring av nattmat, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis