Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Beat for beat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4926
20250117
4926
20250117

Dei faste lesarane av spalta du les no, veit at her i bokstova er me meir enn middels glade for røvarhistorier. Denne gongen tek me med noko som skal ha skjedd i ei anna tid, lenge før det fanst røykelovar.

Me skal til slutten av 1950-talet, og det er forfattaren Dom Moraes som i boka My Son’s Father skriv om ein togtur saman med beat-poetane Gregory Corso og dagens hovudperson, nemleg Allen Ginsberg. Trioen er på veg frå London til University College i Oxford for å sjå nærare på skulpturen «The Shelley Memorial» etter poeten Percy Bysshe Shelley.

Straks dei var på plass i kupeen, fyrte dei to amerikanarane opp sjølvlaga marihuanasigarettar, som om det var noko heilt naturleg å gjere. Då konduktøren kom til kupeen dei sat i, kommenterte han at det var ei rar lukt der inne. Dom Moraes forklarte at det var amerikanske sigarettar, noko billettkontrolløren måtte medgje at han aldri hadde smakt. Corso og Ginsberg insisterte på at han laut prøve ein, og gav konduktøren ein «amerikansk sigarett» som han dampa laus på medan han fortsette med kontrollrutinane innover i toget.

Gunder Runde skriv: «Spennande og uventa oppgåve i dag! Antologien som det er tale om, har tittelen Beat, og finst i to utgåver. Den som vi leitar etter, er redigert av Jan Erik Vold. Og diktet har tittelen Etter Olav H. Hauge, og forfattaren er sjølvaste Allen Ginsberg (1926–1997), kanskje den best kjende av dei såkalla beat-poetane. Ginsberg var av jødisk opphav, og debuterte (og slo igjennom) med samlinga Howl i 1955, utgjeven året etter, og omsett til norsk i 1968. Samlinga vekte stor oppsikt, og var ei tid beslaglagd av politiet. Etter ei rettssak i 1957 vart samlinga ’frigitt’. Det var særleg Ginsberg openhjartige skildring av homofil aktivitet som gjorde at dikta var sett på som ’uanstendige’ i heimlandet USA. Ginsberg var buddhist, og sterkt påverka av den tibetanske buddhisten Trungpa. Han var sterkt kritisk til den amerikanske imperialistiske politikken som han meinte USA førte, ikkje minst Vietnamkrigen.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Ikkje berre grei, oppgåva denne gongen, med fleire nemnde titlar og forfattarar. Eg leitte meg fram til at antologien frå 1994 har tittelen Beat. Som forfattar/ utgjevar er nemnd både Jan Erik Vold og Jón Sveinbjørn Jónsson, men ingen av dei er fødd i eit år med italiensk nobelprisvinnar. Men no grin sikkert Medikus på nasen av dårskapen min. For ja visst, det står da klart at det er forfattaren av det siterte diktet det spørst om. Da blir namnet Allen Ginsberg, fødd 1926, det året italienske Maria Grazia Cosima Deledda vann prisen fordi ho skildra livet på øya si med slik ’plastisk klarhet’.»

Robert Øfsti skriv: «Ikkje visste eg at Allen Ginsberg hadde vore i Noreg, og ikkje at han var Glimt-supportar eller at Olav H. Hauge hadde Håkonson som mellomnamn. Men sånn er det.»

Jan Erik Røed skriv: «En skattkiste over en hel generasjon amerikanske diktere.»

På oppgåve 1657 vart det litt babelsk forvirring kring kven som stod bak løysingsverket. Me har sjølvsagt godkjend både Jan Erik Vold og Jón Sveinbjørn Jónsson, og dimed var det desse som fekk bitane på plass i puslespelet: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Fritjof Lampe, Paul Henrik Hage, Terje Solbakk, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, John Dag Hutchison, Vigdis Hegna Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Eli Hegna, Lise Haaland, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Jon Grepstad, Olav Holten, Reidar Mikal Bringedal, Tiril Bonnevie, Eirik Holten, Per Trygve Karstensen, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Inger Merete, Kirsti og Grete, Tine Dahl, Gunnar Bæra, Magnhild Reisæter, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Olav B. Larsen, Reidar Birkeland, Gro Hartveit, Bent Arne Sæther, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Marta Kløve Juuhl, Kjell Helge Moe, Jan Erik Røed, Gunnar Eide, Sigrun Gjengedal Ruud, Nils Farstad, Else Gjesdahl Sørensen, Torleik Stegane, Brita Lundeland, Robert Øfsti, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen. Denne veka heiter bokvinnaren Vigdis Hegna Myrvang. Gratulerer!

Klok på bok 1659

Han følte mange ting, og noko av det gjorde han opphissa og uroleg av grunnar han ikkje forstod. Han ville ha likt at ho såg han marsjere, med kappe og doktorhatt, i prosesjon. Eit stipend, eit professorat – han kjende seg i stand til kva som helst og såg seg sjølv ... Men kva var det ho såg på? På ein mann som klistra opp ein plakat.

Sitatet er frå side 17 i ei bok som kom ut i 2021. På originalspråket kom romanen ut i 1927. Me skal fram til ein forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. På slutten av forteljinga kjem tre familiemedlemar fram til lokaliteten som tittelen på boka viser til, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på desse tre. Send inn namn på familiemedlemar som kjem fram, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 25. januar.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis