JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Gravsafari

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4879
20240516
4879
20240516

Det er ikkje få fiktive innsendarar som har etterlyst fleire ferdaskriv frå boklækjaren sine gravsafariar. For nyare lesarar er konseptet kan hende framandarta, difor ei stutt forklaring: Gravsafari vil seie at eg tek på meg det tunge ansvaret å oppsøkje ein gravlund, gjerne utanlands, for å leite meg fram til ein minnestein etter ein forfattar. Slik vert reisa og opphaldet til ei fagleg fordjuping, og eg kan sende rekninga for ekskursjonen til bladstova.

Sist eg var på slik ein safari, var då eg vitja kyrkjegarden der diktaren Miroslav Holub ligg gravlagd, utanfor Praha. Sidan har det vore daudt. Ei viktig årsak til dette er at då eg kom heim, vart eg møtt med hånlatter og nekta refusjon av rekneskapsføraren i Dag og Tid. Rett nok var vertshus ein stor utgiftspost, men det er vel ikkje meininga at ein skal tyrste i hel når ein er på tur?

Sjølv om det var ein strek i rekninga at eg hadde gjort rekning utan vert sist gong, gjev eg ikkje opp. I kvitsunnhelga vil eg vitje grava til Roger Martin du Gard, han som vart tildelt nobelprisen i litteratur i 1937, veit du. Det betyr ein tur til Nice i Sør-Frankrike, og frå det franske vil boklækjaren ynskje alle lesarane ei magnifikk kvitsunn.

Så til svaret me skulle fram til i dag. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny gåte! Litt trøblete leiting i starten, men med søk på Oria på sjanger, utgjevingsår og mogleg fødselsår kom eg fram til at boka mest sannsynleg måtte vere Jeg grunnla De forente stater av Hilde Susan Jægtnes. Sorga sløkt? Nei da, denne boka var ikkje leseleg på nettet og fanst ikkje på nokon av biblioteka her i byen. Men bokhandelen hadde ho, og glad var eg, for eg fann att sitatet. Men korleis kunne Jægtnes ta æra av å ha grunnlagt USA? Ved å la seg sjølv som eg-person bli med i krigen og byggje seg opp som nær ven av den høgst verkelege politikaren Alexander Hamilton, høgre handa åt sjølvaste George Washington. Og med det utgangspunktet skal eg seie vi får repetert i detalj historiepensumet om den amerikanske fridomskrigen og andre hendingar i siste del av 1700-talet, og det på ein meir fengslande måte enn i ei refererande historiebok. Takk, Hilde Susan, for denne levande oppfriskinga av ein del av verdshistoria. Men det er litt rart å sitje og lese 400 hundre sider med viktig historisk stoff og samstundes måtta ha eit vake auge på namnet på ein liten bissevov, berre fordi Medikus ønskjer det. Og norsk eigar skulle hunden ha. Dermed droppa eg både puddelen Trésor på side 132 og hunden Tapping på side 289, for der var det ingen norske i nærleiken. Men så, på side 307 og utover blir vi kjende med mastiffen med det vakre namnet Tove, men med så nifst åsyn at ho skremmer vertskapet. Om eigaren står det at han kjem frå det sørlege Noreg og heiter Dan Andersen. (NB ikkje svensk altså.) Så da er vel gåta løyst?»

Gunnar Bæra skriv: «Den norske forfattaren Hilde Susan Jægtnes er fødd i Pennsylvania i 1973. Ho debuterte med ei diktsamling i 2012 og har bak seg fem publikasjonar. Av utdanning har ho både bachelorgrad og mastergrad og har skrive seks filmmanuskript. Eg er imponert over både dama og oppgåveboka, Jeg grunnla De forente stater (2021), som vart nominert til Brageprisen.»

Kjell Helge Moe skriv: «Denne boka las eg då ho kom ut, og eg likte ho særs godt.»

Statelege svar på oppgåve 1625 fekk me frå: Signar Myrvang, Eli Winjum, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Ole Husby, Erik Steineger, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Nils Farstad, Fritjof Lampe, Bjørn Myrvang, Eirik Holten, Inger Merete, Kirsti og Grete, Audun Gjengedal, Kjell Helge Moe, John Dag Hutchison, Gunnar Bæra, Jorunn Øxnevad Lie, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Eli Hegna, Marta Kløve Juuhl, Marit Skytterholm, Per Trygve Karstensen, Inge Strand, Tiril Bonnevie, Torleik Stegane, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Peter Larsen, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Sissel Gunnarshaug, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Denne veka heiter bokvinnaren Torleik Stegane. Gratulerer!

Klok på bok 1627

Jeg trekker hånda gjennom håret, drikker en slurk vin, trekker tunga over leppene. Jeg sier sakte, med autoritet: Ekstasen forsvinner i og med reflekteringen, men er også sann og verdifull bare i kraft av reflekteringen. Dette vet jeg. Han ser på meg med respekt og beundring. Det er ikke patetisk. Det er inderlig. Tennene hans er syrinfarget. Jeg bøyer hodet framover så håret dekker ansiktet og skoggerler.

Sitatet er frå s. 251 i boklækjarutgåva (2000). Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nordisk råds litteraturpris gjekk til ein finsk forfattar. Forteljaren i boka har ein storebror, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på han. Send namn på storebror, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 25. mai.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis