Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Kvar går du?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4553
20211029
4553
20211029

Etter ei fin veke i varmen ved havet i Hellas er det likevel godt å kåmmå hematt, som det heiter i songen. Det er no så rart med det. Når eg står og stampar her heime, får eg ferdahug, men etter ei tid på tur vil eg helst vere heime. Å vere fullnøgd med kor eg er over tid, er tilsynelatande umogleg. Eit gylle unnatak er sjølvsagt når eg er på poesifestival i Ulvik.

Ein grekar som ikkje var utprega heimkjær, var filosofen Sokrates. Ryktemakarar vil ha det til at kona skal ha mykje av skulda for dette. Kan hende hjelpte det ikkje nemneverdig på omdømmet til Xantippe at Sokrates skal ha sagt: «Du skulle gifte deg. Får du deg ei god kone, vert du lukkeleg. Får du ei dårleg kone, vert du filosof.»

Frå gresk filosofi skal me til ein roman om Romarriket. Laurits Killingbergtrø skriv: «Denne gongen har boklækjaren henta fram ein kjempeklassikar. Det er boka Quo vadis av Henryk Sienkiewicz. Dermed dukkar det fram eit minne frå folkeskoletida mi. Læraren vi hadde, Aud, fann på å lese opp frå denne boka ein gong i veka i ein periode. Eg hugsar eg opplevde boka som smått nifs og iallfall svært annleis enn dei bøkene vi hadde i skoleboksamlinga. Dei fleste av desse var av norske forfattarar, men det var òg ein del omsette på Norsk Barneblads forlag. Seinare fekk eg ei meir ’vaksen’ oppleving av Quo vadis og kunne setje forteljinga i samband med verkelege hendingar i romartida. Og dei var da så visst grufulle nok. Men eg har seinare òg tykt at det var modig av læraren å velje ei så pass framandvoren bok til høgtlesing for oss på folkeskolen 4.–7. klasse. Todelt skole, må vite. For å fylle ut tipsa frå Medikus: Henryk Sienkiewicz var fødd i Polen i 1846 og døydde i 1916, det året svensken Verner von Heidenstam vann Nobelprisen. Sjølv fekk Sienkiewicz same prisen i 1905, ti år etter at han gav ut Quo vadis

Eiliv Olsen skriv: «Verket er ein historisk roman som går føre seg i Roma då keisar Nero styrde Romarriket og forfølgde dei kristne. Patrisiaren Marcus Vinicius forelskar seg i Lygia, ei dame av lågare stand som er omvend til kristendommen. Lygia får òg varme kjensler for han, og romanen følgjer desse gjennom ulike historiske hendingar, mellom anna den store brannen i Roma som Nero kanskje urettvist har fått skulda for. Vinicius vert òg ein kristen, og han og Lygia flyktar til Sicilia for å unngå Nero. Henryk Sienkiewicz fekk ros for å ha nytta mange historisk korrekte kjelder i romanen, som har eit stort persongalleri, mellom anna apostelen Peter og Paulus frå Tarsos. Tittelen Quo vadis (kvar går du?) viser til dei vala Marcus og Lygia må ta. I 1951 vart romanen filma, med Robert Taylor og Deborah Kerr i hovudrollene.»

Gunder Runde skriv: «Ein liten kuriositet: Sienkiewicz var gift tre gonger, og alle tre konene hans heitte Maria.»

Desse klokingane gjekk ikkje skorne av seg på oppgåve 1502: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Winjum, Nina Therese Maubach, Vigdis Hegna Myrvang, Gunn Bull-Berg, Ingebjørg Sogge, Eirik Holten, Skeisebibliotekaren i LASK, Bjørn Myrvang, Jan Alfred Sørensen, Lise Haaland, Gunder Runde, Nils Farstad, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Laurits Killingbergtrø, Kjell Helge Moe, Ingerid Skarstein, Ragnhild Eggen, Jorunn Røyset, Jan Erik Røed, Eli Hegna, Per Trygve Karstensen, Tor Inge Tennfjord, Bjørn O. Bjørnsen, Olav Holten, Bjørn Gjermundsen, Petter Kristensen, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Fritjof Lampe, Gunnar Eide, Sigrun Gjengedal Ruud, Turid Tirevold, Anne Berit Skaarer, Arne Thorvik, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Dei kvasse på Fana, Pål Amdal, Inger Margrethe Berge, Sjur Joakim Fretheim, Hans M. Gautefall, Sissel Gunnarshaug, Eiliv Olsen og Ole G. Evensen. I dag er Bjørn Gjermundsen bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1504

Vi forlater dem før de begynner å elske. Før elskovsakten bryter inn i helheten. Før blikkene deres, berøringene og følelsene deler opp kroppene i kroppsdeler og hudområder, i sekreter og dufter. Vi forlater dem ikke bare av bluferdighet, ikke bare av mangel på ord for deres berøringer og bevegelser. Vi forlater rommet mens kroppene fremdeles er hele for ikke å forstyrre den matematiske operasjonen.

Sitatet er frå s. 99–100 i boklækjarutgåva (1995). Me skal til eit naboland og til ei bok som på originalspråket kom ut i 1993. Forfattaren er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå USA. I samsvar med det som er fastsett, vil eg ha namn på forfattar og verk på e-post til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 6. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis