JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Litt av ein Karl

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4917
20241018
4917
20241018

Då nobelprisvinnaren i litteratur (2002) Imre Kertész, i 2012 vart intervjua om stoda i heimlandet Ungarn, valde Kertész å sitere den austerrikske forfattaren Karl Kraus: «Situasjonen er desperat, men ikkje alvorleg.»

Slike seiingar finst det flust av hjå Kraus, han var ein språkleg og litterær ekvilibrist. Ikkje minst kom dette fram i lyset i tidsskriftet Die Fackel, som Karl grunnla i 1899. Karl Kraus var bladstyrar og skribent for denne publikasjonen heilt fram til han døydde i 1936. I alt kom det 922 utgåver av Die Fackel, og i krinsen kring Kraus i Wien, var mellom anna Egon Friedell, Oskar Kokoschka, Heinrich Mann, Arnold Schönberg, August Strindberg og Oscar Wilde. Der skulle vi ha vøri, Karl.

Eit siste sitat frå Karl Kraus skal de få: «Når ein mann vert handsama som eit beist, seier han: ’Eg er trass alt eit menneske.’ Når han oppfører seg som eit beist, seier han: ’Eg er trass alt berre eit menneske.»

Så skal me sjå kva Gunder Runde har å seie. Han skriv: «Ikkje så lett å finne fram til dagens forfattar. Men med litt hjelp av slumpelukko (Sivle) og saumfaring av bøker utgitt på norsk i 1997 fann eg fram til austerrikaren Karl Kraus (1874–1936) og det som eg trur må vere den einaste boka frå hans (fjør)penn som er omsett til norsk, nemleg samlinga med fyndord og filosofiske betraktningar som på norsk heiter Nattetid. Eg måtte innom Nasjonalbiblioteket for å finne boka. Det må seiast: Kraus må nytast i små porsjonar, men mykje av det han skriv, er både fyndig og særmerkt, til dels med vondskapsfull undertone. Døme: ’Krigsårsaken? At de i Berlin har pisset på marmor.’ Kraus er spesielt opptatt av første verdskrigen, eit av kapitla i boka har tittelen 1915, og omhandlar i stor utstrekning krigshandlingane som Tyskland (og Austerrike?) var ansvarlege for. Han var særs kjend i si tid, vart mellom anna nominert tre gonger til Nobels litteraturpris. Hans viktigaste verk var ei slags teaterforestilling med tittelen Menneskehetens siste dager (1919), som visstnok var så lang at ein måtte fordele det på ei vekes tid dersom det skulle framførast. Elles var han kjend som utgjevar/redaktør av tidsskriftet Die Fackel, som vart utgitt frå 1899 og utover. Det er kanskje eit typisk austerriksk karakterdrag å vere negativ/vondskapsfull mot sine eigne? Det er berre eit par veker sidan eg las ei av Thomas Bernhard sine bøker, han har i fullt monn reindyrka denne sida av litteraturen i heimlandet, med den følgje at han er persona non grata i Austerrike. Og så var det Kraus si vitjing i eit skandinavisk land – det må vere det han skriv om ein tur til Noreg, der han rota seg ut i eit myrlandskap og kom seg unna ved å finne ei trestamme som berga han frå å drukne i myra.»

Eli Hegna skriv: «Østerrikeren Karl Kraus er ukas forfatter. Stefan Zweig har beskrevet ham som ’mesteren av giftig latterliggjøring’. Han har også blitt sammenliknet med Englands store satiriker Jonathan Swift (1687–1745). Kraus’s særpregete idiomatiske tysk er nesten umulig å oversette. Av den grunn er han heller ikke så kjent som han fortjener. Så derfor stor takk til Sverre Dahl for hans oversettelse av Nattetid

Robert Øfsti skriv: «Karl Kraus ville eg ikkje ha høyrt om viss det ikkje var for Klok på bok.»

På oppgåve 1645 fekk me svar som ikkje var heilt borti natta frå: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Ingerid Skarstein, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Nils Farstad, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Eli Hegna, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Ole Husby, Jorunn Øxnevad Lie, Ida Mathisen, Lise Haaland, Ole G. Evensen, Frode Torvund, Åsmund Steen Skjæveland, Else Gjesdahl Sørensen, Gunnar Bæra, Terje Solbakk, Tiril Bonnevie, Audun Gjengedal, Fritjof Lampe, Folke Kjelleberg, John Dag Hutchison, Olav Holten, Gunder Runde, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Elin Jernberg, Kjell Helge Moe, Nina Korbu, Inger Merete, Kirsti og Grete, Brita Lundeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Inger Anne Hammervoll, Torleik Stegane, Irene og Tore på Tranby, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Paul Henrik Hage, Gunnar Eide, Inge Strand og Sjur Joakim Fretheim. I dag er Irene og Tore på Tranby bokvinnarar. Gratulerer!

Klok på bok 1647

Jeg tenkte at jeg burde skynde meg hjem, for jeg begynte å få følelsen av at jeg var enten for stor eller for liten. Først ble jeg så stor at jeg fylte hele gaten, etterpå ble jeg så liten at ingen kunne se meg – selv ikke om jeg ropte.

Sitatet er frå side 88 i ein roman som på norsk kom ut fyrste gong i 1986. På originalspråket kom boka ut året før. Denne gongen skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein amerikansk forfattar. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete førenamnet på far til hovudpersonen i romanen. Send inn førenamn på far, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 26. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis