JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Musikk i butikk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4705
20211105
4705
20211105

Det er november, og hausten har festa eit fast godt grep om alt som no skal skifte farge og forgå. Frå vindauget i bokstova ser me stivnakka lauvblad som prøver å protestere. Dei vil ikkje sleppe taket. Men hausten er barsk og utan sympati for at bjørka er blyg og ikkje vil stå naken blant folk midt på lyse dagen. Me oppmodar lesarane til å vise medkjensle og ikkje peike nase neste gong de går forbi ei bladlaus bjørk.

Her i Klok-redaksjonen er det boklækjaren som bestemmer, men eg tek sjølvsagt omsyn til kva lesarane uttrykkjer ynske om. I staden for meir prat om poesifestivalen i Ulvik er det mange som no kunne tenkje seg eit sitat frå Under høststjærnen av Knut Hamsun. Eg ville vel ha vore eit skarn om eg ikkje lytta, sjølv om etterspurnaden er noko eg har funne på. Store-Knut skriv: «Jeg gik ind gjennem skogen, jeg begyndte å røres til tårer og var henrykt, jeg sa hele tiden: Gud i himlen at jeg skulde komme hit igjen!

Som om jeg hadde været der før.»

Så til løysingsboka i dag. Gunder Runde skriv: «Dersom omgrepet kortreist kan takast i bruk når det gjeld Klok på bok, må det (for min del) vere i samband med dagens bok. Det tar om lag 10 minutt å køyre frå Ulsteinvik til Samvirkelaget på Hareid, som truleg er hovudarenaen for debutboka Butikksongar av Helene Hovden Hareide. Eg ser ikkje bort frå at ho kan ha hatt sommarjobb på denne butikken, i alle fall viser ho høg grad av kunnskap om gjenstandar i frysedisken og fruktavdelinga. Helene (me er på førenamn med nesten alle her på våre kantar) er litteraturvitar og journalist, mellom anna med bakgrunn frå kulturorgan som Morgenbladet og Vagant. Eg og mange med meg har hatt stor glede av epistlane ho har skrive i lokalavisa Vikebladet/Vestposten. Ho har tidlegare gjendikta samlinga Migrasjoner av Gloria Gerwitz. Kjekt å lese dikta hennar, ikkje minst der ho siterer farfaren på sunnmørsk. Eit heldig val når det gjeld å velje kandidatar til den gilde bokspalta i D&T!»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Det var hintet til boktittelen som hjelpte meg denne gongen, nemleg ’noko som skal få deg til å handle’. Det hadde eg i tankane da eg sveipa gjennom oversynet over ny lyrikk frå 2020, og dei stansa ved boktittelen Butikksongar. Vakker song kan skape trivnad i ein butikk (annleis enn når varehusa somtid slepper laus musikkanlegget sitt i julehandelen). Og så har boklækjaren enda ein gong henta fram ein yngre, nynorskskrivande forfattar, Helene Hovden Hareide. Jamvel namnet hennar fengjer, med bokstavrim og sprakande sunnmørskonsonantar og innbaka i namnet eit par andre kjende sunnmørspersonlegdomar. Helene Hovden Hareide er nemleg frå Hareid og er fødd i 1989, det året spanjolen Camilo José Cela vann Nobelprisen i litteratur. Eg tykte det var lett å lese boka og følgje med på assosiasjonane som forfattaren har. Men det var nok inga songgruppe som underheldt i butikkane eller i heimane, det var andre lydar som ein sjølv må gjere om til musikkopplevingar.»

Leiting etter løysing på oppgåve 1503 vart god butikk for: Signar Myrvang, Eli Winjum, Gunn Bull-Berg, John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Ingebjørg Sogge, Fritjof Lampe, Ingeborg Helvik, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Olav Holten, Gunnar Bæra, Gunder Runde, Kjell Håve, Odin G. Lavik, Ole Husby, Erik Aamlid, Per Trygve Karstensen, Petter Kristensen, Nils Farstad, Torbjørn Ohnstad Skaim, Eli Hegna, Eirik Holten, Sissel Gunnarshaug, Audun Gjengedal, Pål Amdal, Jan Alfred Sørensen, Folke Kjelleberg, Gunnar Eide, Jorunn Røyset, Kirsten Bakke, Lise Haaland, Gunnlaug Ribe, Bjørn Gjermundsen, Torbjørg Langdal, Dei kvasse på Fana, Robert Øfsti, Jorunn Brekke Fjeldheim, Turid Tirevold, Inger Margrethe Berge, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Denne veka heiter bokvinnaren Turid Tirevold. Gratulerer!

Klok på bok 1505

For meg er det derfor skjult hvorvidt bestefaren min tok alt som stod der på alvor, eller ingenting. Hadde han trodd på alt sammen, ville han vært som de teologer som gjemmer teologien i et lukket hylster et eller annet sted i hjernen, eller kanskje heller som reisende som har jod på en flaske i bagasjen, men passer på å sette korken skikkelig på plass slik at ingenting renner ut og ødelegger bagasjens innhold.

Sitatet er frå s. 21 i boklækjarutgåva (2000). På originalspråket kom romanen ut i 1957. Me skal fram til ein nobel forfattar som var fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein tysk forfattar. Me får høyre mykje om ein operasongar i løysingsboka, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på denne figuren. Send namn på songar, forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 13. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis