JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Namnet er Joyce. James Joyce.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4629
20210924
4629
20210924

Dei faste lesarane har nok fått med seg at boklækjaren den siste tida har snakka mykje, kan hende for mykje, om eit lyrisk arrangement i ei fruktbygd i Hardanger. Denne veka tek eg meg på tak, og det vert ikkje eit ord om p… .

I staden for poesifestivalen eg ikkje skal prate om, vil eg med skrå sideblikk sjå på eit par røvarhistorier om forfattaren som er løysinga i dag. Om James Augustine Aloysius Joyce, blant nære vener berre kalla James, gjekk det mange gjetord. At han spytta i glaset, var ikkje eitt av dei. Tvert imot. Det seiest at på 1920-talet i Paris kunne ein titt treffe på eit radarpar på bar, der den eine var Joyce og den andre var Ernest Hemingway. I animert tilstand var det ikkje sjeldan at James yppa til bråk, noko som neppe var særleg smart, sidan han var sterkt svaksynt og langt frå atletisk. Til alt hell kunne han rømme og gøyme seg bak svirebroren medan han kviskra: «Du tek deg av dette, Hemingway. Du tek han!»

I ein anekdote frå Zürich kjem det fram at James Joyce ein gong vart stoppa på gata av ein yngre kar som audmjukt spurde: «Får eg lov til å kysse handa som skreiv Ulysses?» Svaret frå Joyce var: «Nei, den handa har også gjort mykje anna.»

Me fekk særs mange fine svar denne gongen. Eit døme er Ingebjørg Sogge som skriv: «James Joyce er mest kjend for det banebrytande verket Ulysses, men Dubliners, novellesamlinga som «Dei døde» er henta frå, er kanskje meir lesen? I alle fall er ho meir tilgjengeleg. Der assosiasjonskasta og tankestraumen i Ulysses med eit Beatles-sitat kan karakteriserast som ’the long and winding road’, kjem vi beinveges i møte med miljø og personar i novella. Ja, så realistisk er anslaget at huset på Usher Island, som er ramma for juleselskapet forteljinga lar oss ta del i, heilt ned til detaljnivå er det same som Joyce sjølv ofte besøkte som barn, fordi grandtantene hans budde der. (I Dublin kranglar dei om bevaring kontra ombygging, det er så si sak å ta vare på alle husa det berømte bysbarnet har budd i eller besøkt.) Detaljrikdommen i person- og interiørskildring er fascinerande og kan minne om Ibsens nitide scenetilvisingar. Kanskje ikkje så rart, når vi veit korleis den irske forfattaren beundra den norske dramatikaren og til og med lærte seg dansk(!) for å lesa han på originalspråket. «Dei døde» har vorte kalla verdas beste novelle. Slike kåringar kan ein seie mykje om, men ho fortener ein plass i sola. Og ho blir ikkje dårlegare av at Jon Fosse er omsetjar.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Svaret på oppgåva er James Joyce og novella «Dei døde». Eg har ingen tilleggsopplysningar, men det er det heldigvis andre som har; og det er også ei særs god side ved Kpb at det er så mange røyster som gir sitt ’bilde’ av verk og forfattar. Eg takkar alle desse klokingane.»

Folk som kom levande frå oppgåve 1497: Eli Winjum, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Janneken Øverland, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunnar Bæra, Else Gjesdahl Sørensen, Gunn Bull-Berg, Jan Alfred Sørensen, Astrid Steinsvik, Nils Farstad, Sissel Gro Jenssen, Bjørn Gjermundsen, Ingeborg Helvik, Erik Aamlid, Inger Anne Hammervoll, Jorunn Røyset, Helge Flæte, Fritjof Lampe, Inger Lise Berge, Nina Therese Maubach, Ole Husby, Laurits Killingbergtrø, Jan Erik Røed, Arne Thorvik, Erling Berstad, Gunnar Eide, Pål Amdal, Hans M. Gautefall, Gunder Runde, Signar Myrvang, Lise Haaland, John Olav Johnsen, Jorunn Øxnevad Lie, Audun Gjengedal, Turid Tirevold, Folke Kjelleberg, Vigdis Hegna Myrvang, Kim Stigen Fureli, Gustav Ekre, Bjørn Myrvang, Per Trygve Karstensen, Olav Holten, John Solberg, Kjell Helge Moe, Eirik Holten, Sigrun Gjengedal Ruud, Bjørn Ole Bjørnsen, Sissel Gunnarshaug, Roy Anvik Thorstein, Reidar Birkeland, Tor Inge Tennfjord, Anne Berit Skaarer, Robert Øfsti, Torbjørg Langdal, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Dei kvasse på Fana, Kirsten Bakke, Sjur Joakim Fretheim, Brita Lundeland, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. I dag er Tor Inge Tennfjord bokvinnar.

Gratulerer!

Dette har vore ei Klok-spalte utan at poesifestivalen i Ulvik vart nemnd med eit einaste ord. Nesten.

Klok på bok 1499

Men eg fekk ikkje lenger ro. Tanken på at dei andre såg i meg ein som eg ikkje kjende igjen i meg sjølv, var utoleleg. Ein som dei berre kunne kjenne ved å sjå meg frå utsida med auge som ikkje var mine.

Sitatet er frå s. 25 i boklækjarutgåva (2020). På originalspråket kom romanen ut i 1926. Me skal fram til ein nobel forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå USA. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis