JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Snikksnakk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4705
20241011
4705
20241011

I dag skal me snakke om snakk. Det er nemleg lite som så tydeleg markerer kor forskjellige folk er, enn kor mykje eller lite dei snakkar. Ytterpunkta er sjølvsagt ho som sit i ein krok og er stille som snø heile kvelden, medan han som sit i sentrum av selskapet, skravlar i veg på innpust og utpust. Når ein skal irettesetje han, slik at ho kan sleppe til, er det ikkje ueffe å peike på at han òg har to øyre og éin munn, og at det er det ein grunn til.

I Rosa skriv Knut Hamsun følgjande om Benoni: «Hartvigsen tok også en pipe og et glas. Vinen ved bordet hadde gjort ham litt lettere, nu skjøv likøren på og gjorde ham flinkere til å snakke.» Dette er ein situasjon mange kan kjenne att, anten det gjeld ein sjølv eller einkvan annan. Det store spørsmålet som no melder seg, er: Kva skal ein tru om det som vert sagt når ein alkoholikar snakkar rett frå levra?

Boklækjaren er ferdig snakka og overlèt ordet til Laurits Killingbergtrø. Han skriv: «Ny bokgåte, der eg skal prøve å rette opp fadesen frå sist. Sitatet gjev meg som vanleg ingen aha, så da blir det å misbruke nettet på nytt. Medikus gjev opp sjangeren noveller, vidare to utgjevingsårstal pluss eit tredje som vi kan finne av dødsåret til ein nobelprisvinnar. Eg tok innersvingen med å gå til min kjære nettstad Oria og kople saman ’noveller + 1981 + 2018’. Det gav vel femti tilslag, og det var såpass få at det var rimeleg greitt å få utelate dei fleste. Eg enda opp med ei novellesamling av Raymond Carver med norsk tittel Det vi snakker om når vi snakker om kjærlighet. Den måtte eg ut og kjøpe i Norlis bokhandel, der eg trefte på den same interesserte dama som eg skreiv om tidlegare i ein kommentar. Det klippet hadde ho sendt til faren, som tykte det var artig. Men: No gjeld det namn på ein gut i første novella, og det verkar greitt. Jack heiter han. Vel, eg les boka ut og opplever så mange fengjande og lettleselege noveller at denne Carver får ei høg stjerne hos meg heretter.»

Eli Hegna skriv: «Raymond Carver (1938–1988) anses for å være stamfaren til den litterære minimalismen og for å ha gjenoppfunnet den amerikanske novellen med sine minimalistiske beskrivelser av den alminnelige amerikaner. Det som er både interessant og ubehagelig ved Carvers minimalisme, er hvor meget som egentlig kan sies med velplasserte utelatelser. Litterært er Carver blitt nevnt som arvtakeren til bl.a. Ernest Hemingway.»

Jan Erik Røed skriv: «Hvorfor det tok nesten 40 år før denne boka kom på norsk, er ikke lett å skjønne!»

Tore Tomren skriv: «Ein heim kan vel knapt kallast innreidd før denne klassiske novellesamlinga er sikra ein prominent posisjon i bokhylla.»

Løysingsverket var omsett av Hans H. Skei.

Utan å fare med snikksnakk kom desse klokingane fram til rett svar på oppgåve 1644: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Per Trygve Karstensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Else Gjesdahl Sørensen, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, Vigdis Hegna Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Kirsti Nordstrand, Karle Gjernes, Tore Tomren, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Dag Eirik Eikeland, Olav Holten, Laurits Killingbergtrø, Eirik Holten, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Nina Korbu, Inger Merete, Kirsti og Grete, Ragnhild Eggen, Ingerid Skarstein, Audun Gjengedal, Kjell Helge Moe, Sissel Gunnarshaug, Lise Haaland, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Frode Torvund, Folke Kjelleberg, Nils Farstad, Reidar Birkeland, Ragnhild Løvås Stenhaug, John Dag Hutchison, Marta Kløve Juuhl, Inge Strand, Inger Margrethe Berge, Gunnar Eide, Tiril Bonnevie, Irene og Tore på Tranby, Anne Berit Skaarer, Jan Erik Røed, Sigrun Gjengedal Ruud, Robert Øfsti og Ole G. Evensen. Denne gongen heiter bokvinnaren Olav B. Larsen. Gratulerer!

Klok på bok 1646

Han fanger en svettedråpe fra overleppen med tungen, ser seg selv ligge på kne i entreen og lete fram kortet, tvinger seg til å bli sittende; han skal vel ikke knele for det kortet, det er jo bare et fillekort, det står ingenting på det, bare det samme som står i rettledningen fra skatteetaten, at man skal spare på bilag ti år tilbake, det har enhver fiskeoppdretter blåskjelldyrker elektromontør tekstilagent forfatter maler plikt til.

Sitatet er frå side 60 i ein roman som kom ut i 2002. Denne veka skal me fram til ein forfattar som skriv både på nynorsk og på bokmål, og som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein skandinavisk forfattar. Ein stad i boka får me vete at hovudpersonen skal lande på ein norsk flyplass, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva flyplass det er snakk om. Send inn namn på norsk flyplass, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 19. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis