JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Ung og urøynd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4969
20241004
4969
20241004

For mange av oss var det å vere ung ei herleg tid. Då Knut Hamsun skulle skrive avslutninga på nobelpristalen, var det vitaliteten til dei unge han tenkte på. Før Store-Knut heva, og tømde, glaset i Stockholm 10. desember 1920, sa han: «… jeg mangler det viktigste, det eneste, jeg mangler ungdom.»

Når ein er i ein alder der det byrjar å knirke i knea, er det freistande å påpeike at det heile ikkje var gull i ungdomen. Særleg i perioden då ein trur at ein veit alt, er det mykje som i ettertid ikkje er noko å vere særleg stolt av. Eg hugsar fine folk frå ungdomstida som heilt seriøst hevda at «alt er mogleg». Det var ein vidløftig påstand som døydde raskt då eg bad dei prove postulatet ved å ta rennefart og hoppe opp til månen.

Når røynda er så lita at ein ikkje får grep om ho, kan det òg gje seg utslag i lommefilosofi som diverre ikkje er anna enn ull. Eit døme kunne vere ungdomar som i fullt alvor meiner at ein ikkje noko. Jau, du må noko. Du lyt leve til du døyr.

I løysingsverket denne veka veit Nils Vik dette. Gunder Runde skriv: «Eg starta med dagens sitat, men der var ikkje mykje hjelp å få. Så dermed måtte eg gå den lange vegen via nobelprisvinnarar osv. To gode tips fann eg rett nok: 1) nynorsk forfattar 2) truleg populær bok eller kjend forfattar, sidan vi har nytt opplag allereie året etter. Først: franske nobelprisvinnarar. Her avgrensa eg meg til tidsrommet 1952–1964. Dermed vart det berre fire nobelpristakarar som var aktuelle. Når vi så trekkjer frå alle bokmålsforfattarane pluss dei nynorske som ikkje gav ut bok i 2023, så står det i grunnen att berre to alternativ: Lars Amund Vaage og Frode Grytten. Boka til Vaage har kvinneleg hovudperson, så dermed enda eg på Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten. Boka var faktisk tilgjengeleg på Bok-bitane, så dermed fann eg både sitatet og namna til døtrene, Eli og Guro. Ei særs god bok, Brageprisen var vel fortent! Nils Vik har bestemt seg for å døy på ein bestemt dato. Han står opp om morgonen og gjer unna morgonstellet på vanleg måte, berre med den skilnaden at han brenner madrassen som høyrer til i ektesenga. Kona Marta er død for fleire år sidan. Så set han seg i båten og stemner ut gjennom fjorden. Allereie tidleg i forteljinga skjønar vi at noko er annleis, han får kontakt med den døde hunden sin, og snakkar med han (og får svar) på normal måte. På vegen ut gjennom fjorden møter han att mange av dei passasjerane han hadde skyssa tidlegare i livet – dei er døde, men dei står på stranda og ventar på han. Somme får vere med i båten, mellom andre ’amerikanaren’ Robert, som kjem med følgjande visdomsord: ’Det er hardt arbeid å vere død.’ Heilt mot slutten av boka kjem også kona Marta. Og slik sluttar boka, med det sameina ekteparet Nils og Marta, i dødsaugneblinken. Ei såkalla lågmælt historie om eit stort tema. Jon Fosse skreiv for nokre år sidan ei tilsvarande bok: Morgon og kveld, der hovudpersonen også tar båten ut gjennom fjorden, møter døde kjenningar, og døyr på siste side. Eg veit ikkje om Grytten har vore inspirert av Fosse si bok, men Grytten sin versjon står uansett på eigne bein.»

Inger Anne Hammervoll skriv: «Eg les boka no, og er einig med Medikus Libri i at dette er ei fin forteljing.»

Ragnhild Eggen skriv: «Boka denne gangen er ei virkelig perle!»

Klokingar på oppgåve 1643 var: Signar Myrvang, John Olav Johnsen, Eli Winjum, Ragnhild Eggen, Jorunn Øxnevad Lie, Vigdis Hegna Myrvang, Inger Merete, Kirsti og Grete, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Ole Husby, Fritjof Lampe, John Dag Hutchison, Gunder Runde, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, Paul Henrik Hage, Robert Øfsti, Gunnar Bæra, Olaug Denstadli, Bjørn O. Bjørnsen, Eirik Holten, Folke Kjelleberg, Skeisebibliotekaren i LASK, Olav Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Thana Rongen, Audun Gjengedal, Inger Margrethe Berge, Jan Alfred Sørensen, Olav B. Larsen, Sigrun Gjengedal Ruud, Reidar Birkeland, Nils Farstad, Harald Gjørtz, Magnhild Reisæter, Kjell Helge Moe, Gunnar Eide, Per Trygve Karstensen, Jan Erik Røed, Anne Berit Skaarer, Torleik Stegane, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sissel Gunnarshaug og Ole G. Evensen. I dag er Magnhild Reisæter bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1645

Krig er først og fremst håpet om at det skal gå en bedre, derpå forventningen om at det skal gå den andre verre, så tilfredsheten over at det heller ikke går den andre bedre, og til slutt overraskelsen over at det går verre for begge.

Sitatet er frå side 118 i ei lita bok som kom ut på norsk i 1997. På originalspråket kom samlinga ut fyrste gong i 1924. Me skal fram til ein forfattar som døydde i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein amerikansk forfattar. Ein stad i boka omtalar forfattaren ei hending i eit skandinavisk land, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete kva land det er forfattaren nemner. Send inn namn på skandinavisk land, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 12. oktober.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis