Valord
Tysdag i veka som kjem, er det val i USA. Her i bokstova har me ikkje røysterett ved dette valet, og det er nok han eine kandidaten letta og glad for. Når me ikkje kan røyste, lyt me gå litterært til verks, det vil seie at me i dag skal sjå på kva skjønnlitterære forfattarar dei to kandidatane har som favorittar.
Først tek me føre oss oversikten frå visepresident Kamala Devi Harris. I tillegg til Khaled Hosseini, Richard Wright og C.S. Lewis nemner Harris to forfattarar som båe har vore oppgåve i spalta du les no, nemleg Toni Morrison og Amy Tan. Her tillèt Klok-redaksjonen seg å nytte ordet respekt.
Så til kandidaten som har førenamn etter ein teikneseriefigur. I eit intervju seier Donald John Trump at favoritten er Tom Wolfe, han med Forfengelighetens fyrverkeri, veit du. Kan hende er det ikkje så ravgale å trekkje fram denne forfattaren, men når det seinare i intervjuet vert klart at Trump ikkje har lese ei einaste bok av Wolfe, er eg ikkje mektig imponert.
Det å velje er å ta noko framfor noko anna. Diverre ligg det ikkje til embetet til boklækjaren å meine noko om kven som bør vinne valet. Men eg kan kunngjere kven eg ikkje vil skal vinne. Og det er Donald.
No skal Folke Kjelleberg få ordet. Han skriv: «Sitatet er frå romanen Annie John, som vart utgjeven i 1986 på Aschehoug, omsett av Sissel Lie. Det var amerikanske Jamaica Kincaid som skreiv boka og gav ho ut på engelsk året før. Jamaica Kincaid vart fødd på den karibiske øya Antigua i 1949, det året då amerikanske William Faulkner vann Nobelprisen i litteratur. Ho vart døypt Elaine Potter Richardson og vaks opp i Saint John’s. Då ho var 16 år, sende mora henne til New York for å arbeide som au pair. Den vesle løna ho fekk, skulle ho sende heim til mor og stefar og søsken. Det gjorde ho ikkje, og det gjekk 20 år før ho på ny hadde kontakt med familien. I 1973 tok ho forfattarnamnet Jamaica Kincaid. I 1976 vart ho tilsett i The New Yorker, og i 1983 debuterte ho med novellesamlinga At the Bottom of the River. Ho er i dag busett i staten Vermont og er professor ved Harvard University. I oppgåveromanen er det Annie som er hovudpersonen, og far hennar heiter Alexander.»
Eli Hegna skriv: «Jamaica Kincaid har dukket opp flere ganger de seinere årene som en mulig nobelprisvinner, også i år. Mye av hennes problemfylte oppvekst finner vi igjen i hennes romaner. Ukas sitat er fra Annie John som på originalspråket kom ut i 1985. Med referanse til sin oppvekst og forholdet til moren har Jamaica Kincaid sagt om seg selv: ’I was brave enough to risk being happy.’ Flott sagt!»
Ingebjørg Sogge skriv: «Mange trudde Jamaica Kincaid frå Antigua skulle få Nobelprisen i år, i staden vart det Han Kang frå Sør-Korea. Dei er svært ulike i stilen, men møtest i motstanden mot konformisme og undertrykking.»
Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Kvifor har denne boka gått under radaren for oss, tru? Heldigvis er ho trykt opp på nytt i år, og oppgåva i Klok på bok gav oss nok ein gong eit nytt og spanande høve til å bli kjend med ein for oss ukjend forfattar.»
Inger Anne Hammervoll skriv: «Ein klassikar eg ikkje visste om, men takk vere denne spalta er eg no blitt litt meir opplyst.»
På oppgåve 1647 kom desse klokingane i mål: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Paul Henrik Hage, Eli Winjum, Ingerid Skarstein, Per Trygve Karstensen, Eli Hegna, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren I LASK, Fritjof Lampe, Nils Farstad, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, Inger Merete, Kirsti og Grete, Jorunn Øxnevad Lie, Terje Solbakk, Frode Torvund, Olav Holten, Vigdis Hegna Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Inge Strand, Audun Gjengedal, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Folke Kjelleberg, Reidar Birkeland, John Dag Hutchison, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Gunnar Eide, Kjell Helge Moe, Cathrine Bore, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole G. Evensen og Brita Lundeland. Denne veka heiter bokvinnaren Robert Øfsti. Gratulerer!
Klok på bok 1649
«Jeg skulle bare ønske at det fantes en mellomting, skjønner du? For det er der folk lever. Det må ikke være alt eller ingenting… enten å svømme eller å drukne, liksom. De fleste trår bare vannet, og det er nok. For når du synker, drar du oss ned med deg.»
Sitatet er frå sidene 66–67 i ein roman som på norsk kom ut fyrste gong i 2022. På originalspråket kom boka ut i 2020. Denne gongen skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar som skreiv på tysk. Ein av personane i boka seier at ho er fredlaus, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på far til denne personen. Send inn namn på far til fredlaus jente, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. november.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.