Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Våt til skinnet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4706
20210813
4706
20210813

Så var ferien ferdig, fullført, eller finita, som dei seier det i Italia. Mykje kunne eg ha sladra om frå Liguria, men av omsyn til sjølvvørdnaden lyt det meste som hende ved havet, få verte igjen der. Det er uansett berre snakk om å bere vatn i såld, om ein boklækjar som gjekk i vatnet eller tok seg vatn over hovudet.

Nei, då er det meir interessant å nemne noko om ein kar eg møtte ved Middelhavet. Rasmus er frå Danmark, har nett fylt 12 år og er lidenskapeleg interessert i historie. Me kom i snakk, og det skulle ikkje gå lange tida før eg fekk ei perfekt utgreiing om rekkefølgja på USAs presidentar frå George Washington til Joe Biden. Så kom kjepphesten fram: Rasmus kunne ikkje godta at Grover Cleveland kunne vere «både» president nummer 22 og president nummer 24. Ifylgje Rasmus gjev det ikkje noka meining at Cleveland vert rekna to gonger, sjølv om det var ein president mellom dei to periodane han sat på posten. Trass 30 grader i skuggen, kunne eg merke at her var eg på tynn is. Me gjekk og tok eit bad.

No til løysinga på oppgåve 1491. Laurits Killingbergtrø skriv: «Utgangspunkta for å finne forfattar og bok denne gongen er tre-fire aktuelle fødselsår, ein roman på nynorsk frå 2020 og ein boktittel som ‘kan freiste folk til nakenskap’. Det siste høyrdest mest spennande ut, så eg krinsa leitinga om det. Første moglege treffet med ein viss assosiasjon var Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar av Bjørn Sortland. Men her høvde ikkje fødselsåret til forfattaren. Neste moglege boktittel var Kleda er gjennomvåte, for slike klede vil ein gjerne få av seg så snøgt som råd. Og der stod sitatet. Forfattaren er Erlend Skjetne frå Melhus. Det gleder ein trønder som meg å sjå at det kjem enda ein frå landsdelen som skriv bøker på nynorsk, og det på ein god og lett og rett nynorsk, slik eg ser det. I boka florerer det av lokale stadnamn, og den detaljerte skildringa elles kan få meg til å undrast på om noko av det er sjølvopplevd. Men det veit eg ingenting om. Boka tek for seg oppveksten til eg-personen og livet i familien og grannelaget. Han har eit greitt tilhøve til faren og godtek hans noko vidløftige idear og gjeremål. Men stemora blir diverre sett på som ei furie i resten av familien. Og farmor og farfar, da, som er så viktige for Klok-svaret? Jau, dei blir nemnde sporadisk, særleg farfaren. Men eg tykkjer forfattaren dryger veldig lenge før han gjev opp namnet på den etterspurde farmora. Men ein stad langt uti boka tiltalar farfaren kona si med Helga, og sist i boka kjem jamvel det fulle namnet, Helga Rønning. Og da er vi kanskje i mål, Medikus?»

Signe Emilie Romuld skriv: «For ein gongs skuld trur eg eg har klart å finne svaret på Klok på bok: Kleda er gjennomvåte av Erlend Skjetne. Førenamnet til farmora er Helga, det tok det litt tid å finne ut av, det var ikkje eit namn eg hadde merka meg, ho var stort sett farmor. Lukka var at denne boka hadde eg nyleg lese, og sitatet verka kjent, sjølv om eg berre har lese boka digitalt i Allbok og ikkje kunne slå opp på side 98. Forfattaren er fødd i 1988, og da gjekk Nordisk råd litteraturpris til islendingen Thor Vilhjálmsson. Tittelen på boka kan absolutt freiste til å kle av seg, det var ein god leietråd når eg ikkje kunne verifisere sitatet direkte. Takk for fin spalte, den er alltid noko av det første eg les i avisa!»

På oppgåve 1491 kom desse i land med hovudet over vatnet: John Olav Johnsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Ragnhild Eggen, Gunder Runde, Petter Kristensen, Kjellfrid Laugaland, Eli Winjum, Signar Myrvang, Folke Kjelleberg, Jorunn Røyset, Olav Holten, Signe Emilie Romuld, Eirik Holten, Eli Hegna, Erik Aamlid, Sjur Joakim Fretheim, Gunnar Bæra, Inger Margrethe Berge, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Ole Husby, Bjørn Gjermundsen, Sissel Gunnarshaug, Anne Berit Skaarer, Tor Inge Tennfjord, Kjell Helge Moe, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Ingebjørg Sogge og Ole G. Evensen. Bokvinnaren i dag heiter Ingebjørg Sogge. Gratulerer!

Klok på bok 1493

Jeg husker også ned til minste detalj formskriftbøkene som jeg alltid startet på med godt mot og blekklattene som ble enda større når jeg brukte trekkpapir, og norsktimene der stilene skulle være for og imot og man alltid skulle sette komma foran men og aldri skrive to l–er i aldri.

Sitatet er frå side 48 i boklækjarutgåva (1986). Denne gongen skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år Nobelprisen i litteratur ikkje vart utdelt. Forfattaren har eit førenamn som inneheld alle bokstavane i etternamnet. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 21. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis