Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Klok på Knut

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4350
20171229
4350
20171229

I dag tar me det viktigaste først: Boklækjaren ynskjer alle som les dette, eit særs godt nyttår. Eg vonar de i året som kjem, får medvind når de treng det, og at de held ut når det blæs nordavind frå alle kantar. Ei påliteleg kjelde hos Meteorologisk institutt har forresten røpa at ifylgje prognosane kjem 2018 til å bli eit normalår når det kjem til mot- og medvind. Når kjelda tilføyer at det kan vere store individuelle variasjonar, veit eg ikkje kor stor verdi avsløringa har, men no har eg sendt henne vidare.

Det er ikkje mi oppgåve å seie noko om det som gjekk føre seg på den politiske scena i 2017, verken positivt (#MeToo) eller negativt (Donald Trump), så der må eg heller teie. Når det kjem til samspelet her i det gåtefulle, kan eg vel seie såpass at det har vore eit år der det jamt over har vore lite gnissing mellom oppgåveløysarar og boklækjar. Når nokre synest at oppgåva er for lett, er det andre som synest ho er for vanskeleg. Når nokre koser seg med å gruble over nobelprisvinnarar og årstal som byrjar på ein tysdag, er det nokre som irriterer seg. Slik må det vere. Men at Winston Churchill var svensk, kan me vel samrøystes sjå bort frå.

Denne utgåva av Klok på bok er skriven før redaksjonen i Dag og Tid tok ein velfortent juleferie. Difor vert ikkje alt som det plar denne gongen. Løysing og namn på klokingane på oppgåve 1318 og 1319 kjem først 5. januar neste år. Dei av dykk som er kyndige i kvantitative storleikar, forstår dette når de granskar desember månad i kalenderen. Me lyt halde oss til svarfristen på oppgåva, som er ei veke frå utgjevingsdato, og då kan det ikkje verte annleis. Som kjent: Det er når det ikkje kan vere annleis, at ein slår seg til ro med at det er som det er.

Ei anna kjensgjerning er at for folk som skriv, er det ikkje mykje i verda som gjev meir heider og ære, enn å vere løysingsforfattar i Klok på bok. Eit døme på kor stas det er, såg me då Olaug Nilssen var løysing i spalta her i januar. På Facebook skreiv ho: «Etter snart 20 år som forfattar er det framleis lite som gjer meg så stolt og sjølvnøgd som å vere løysinga i Klok på bok i Dag og Tid.»

Kan hende er Nobelprisen i litteratur eit lite hakk over å vere løysingsforfattar i Klok på bok. Det hindrar no ikkje Hamsun frå å masa om merksemd. Eg har ikkje tal på kor mange gonger Knut har ymta frampå om at no må det vel snart vere hans tur. Når boklækjaren har forsøkt å forklare han om søkjemaskiner, og kor lett det er å finne fram til sitat frå bøkene han har skrive, får eg same responsen kvar gong: «Jeg estimerer ikke dette guggel!» So vert det tystnad i bokstova.

Eg vil ikkje skulda på samvitet, men eg trivst best med harmoni i heimen. Difor, som ei kompromissløysing, har eg denne gongen laga ein kviss om Knut til oppgåveløysarane. Eg trur de har godt av litt hjernetrim i slutten av romjula og over nyttår, så her kjem ti spørsmål frå forfattarskapet til Hamsun. Eg vil ha rett løysing på minst åtte av dei før eg godkjenner svaret.

Klok på bok 1320

1. Johan Nilsen Nagel i Mysterier ber Sara ta ned bildet som heng på rommet hans fordi mannen på bildet har for grønt skjegg. Kven er mannen på bildet?

2. Kva heiter «den gamle, ærverdige» klokkeseljaren i Landstrykere?

3. I Markens grøde hugsar Geisler ei bestemt lukt frå han var halvtanna år gammal. Episoden er stadfesta til ein gard. Kva er namnet på garden?

4. Kva er det første me får høyre at Johannes i Victoria vil bli når han blir vaksen?

5. I romanane Benoni og Rosa opptrer ein same som lagnadsfigur. Kva heiter han?

6. «Lydia på sin side, var hæftig og snarsint, men hun var dyktig, ho, en rakekniv og et rivjern, ja en sag, en høvl og en skrubb, gjærne det, men umistelig for mand og barn.» Kva roman er dette sitatet frå?

7. I Pan skyt løytnant Thomas Glahn to fuglar utanom jaktsesongen. Kva fuglar er dette?

8. I Paa gjengrodde stier vert ei Maren Maria omtala som ei dame med gangsyn. Kva er etternamnet til Maren Maria?

9. Eit insekt av ordenen tovenger kjem på besøk i ei novelle. Kva er størrelsen på insektet ifylgje tittelen på novella?

10. «Og slik er det: den blotte nåde at man får livet er den rike forhåndsbetaling for livets alle elendigheter, hver eneste en.» Kva roman er dette sitatet frå?

Send svar på minst åtte av dei ti spørsmåla til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 12. januar 2018.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis