Korrigering
Eg har ikkje unngått å leggje merke til at i desse 15 åra eg har putla med Innsida, har det ein gong iblant skjedd at eg har komme med urette opplysningar, ja, rett og slett fake news. Men det skal eg ha, når ein vennlegsinna lesar gjer meg merksam på feilen, er eg ikkje sein med både å leggje meg flat og prøve å rette opp feilen. Det har skjedd igjen. På mi førre Innside skreiv eg at figuren Bassen i teikneseriebladet Lille Lulu og Bassen hadde barbert hovud og sikspens. Og Olaug Husabø i Tromsø – namnet indikerer sjølvsagt at ho eigentleg kjem frå Sogndal – var ikkje sein med å melde seg i innboksen min:
«Bassen hadde ikkje barbert hovud og sikspens, det var ein annan. (Småen?) Bassen hadde hår (gult eller brunt?) og ein liten kvit matroshatt. Dette veit eg fordi det berre er to-tre veker sidan eg las eit Lille Lulu-blad. Eg er heilt einig i di vurdering – kjedelege blad. Men når den vesle heksa var med, var bladet litt spennande.»
Og det som truleg er det verste av det heile, er at eg blanda saman Lille Lulu med teikneseriefiguren Trulte! (Som på si side var modell for den argentinske teikneserien Mafalda.) Så for å vise kva eg eigentleg meinte, legg eg ved eit bilde av Trulte og han andre karen. Takk iallfall, Olaug, og ikkje nøl med å melde deg neste gong du oppdagar ein grov feil!
Fest og halloi!
Alle veit jo no at Dag og Tid har fått Fritt Ords Pris for 2017. Mest glans fell naturleg nok på redaktøren, men det dryp også litt på oss skribentar, har eg høyrt rykte om. Iallfall skal det bli ein sværa fest den 8. mai, der eg av heilt naturlege og heilt private årsaker kjem til å glimre ved mitt fråvære. Litt synd, sidan eg hadde tenkt å slå denne festen saman med 15-årsjubileumsfesten for Innsida, som eg rett og slett gløymde sist haust. Det var så mykje å tenkje på. Men eg ønskjer god fest til alle som har skaffa barnevakt og har høve til å møte opp. Eg har høyrt at saltstengene er av utsøkt kvalitet i år, og heimebrenten skal ikkje stå noko tilbake for tidlegare års produksjon. Eg lovar å feire med dykk i ånda, og det seier ikkje så lite.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.