Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Kviss med Knut

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5244
20181221
5244
20181221

No er det ikkje mange dagane att før juleførebuingane er over. Snart kan me sette oss og kvile, puste på ei stund. Nokre av lesarane vil nok dra krakken bortåt glaset og prøve å finne leia der julestjerna er, medan andre hiv seg over oppgåvene her i bokhjørnet. Denne gongen er det ikkje noko stress med å finne svara. Eg er i eit strålande julehumør, og i samråd med Nisse-Knut gjev eg dykk frist ut året med å leite fram løysinga på minst åtte av dei ti spørsmåla i Hamsun-kvissen.

Før me går i gang med kvissen, lyt me presentere svaret på oppgåve 1366. Sjur Joakim Fretheim skriv: «Sitatet i Kpb-1366 er henta frå Dante Alighieris meisterverk, Den guddommelige komedie. I utdraget frå komedien er Dante nett komen i snakk med Francesca, som han får auge på i andre krinsen i Helvetet. Der skal dei som i jordelivet mangla kontroll på den seksuelle hugen sin, dei som let seg freiste av lysta, houlvens syndar, pinast i all æve. Francesca flyg ikring der nede med verbroren sin Paolo, som ho elska. Dei sæle tider i jordelivet fekk ei brå vending då ektemannen hennar, Giovanni, broren til Paolo, drap dei båe i svartsjuke. Francesca fortel at vegen til dette helvetet dei er hamna i, byrja med at Paolo og ho las saman i ei bok om Lancelot. Når ein høyrer slikt, er det godt å vite at noko har endra seg sidan mellomalderen og at det gudskjelov i Dag og (i vår) Tid finst ein boklækjar som kan gje tips om fleire bøker, så ein ikkje vert låst slik i ei. Paolo og Francesca lyt elles trøyste seg med at historia deira gav Auguste Rodin inspirasjonen til å skape eit av meisterverka sine, ’Kysset’. Når Dante omsider stig ut or Helvete og fer vidare gjennom Skiringsheimen, tek han fatt på ferda gjennom sfærane i Paradis. I femtande sfæren, der Guds krigarar er plasserte, treffer han tippoldefaren sin, korsfararen som døydde i Palestina i kampen for Kristendommen mot Islam. Namnet på denne ættfaren er Cacciaguida degli Elisei. Eg takkar for guddomlege boktips og ynskjer ei sæl advent.»

Desse kom velberga fram til løysinga på oppgåve 1366: John Olav Johnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Janneken Øverland, Petter Kristensen, Torleiv Kløve, Olav Holten, Eli Hegna, Arve Elvik, Jorunn Øxnevad Lie, Nils Ottesen, Randi Aamodt, Bjørn Myrvang, Truls Songstad, Jorunn Røyset, Birte Næsheim, Truls Johan Horsberg Hoff, Eli Winjum, Sjur Joakim Fretheim, Robert Haugen, Gunder Runde, Skeisebibliotekaren i LASK, Kjell Helge Moe, Per Skjæveland, Eirik Holten, Turid Tirevold, Ingebjørg Sogge, Per Trygve Karstensen, Ove Bjørkhaug, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Rannveig Nordhagen, Arnulf Kolstad, Tvillingene, Folke Kjelleberg, Ole-Mikal Nilsen, Audun Gjengedal, Robert Øfsti, Torleik Stegane, Inger Margrethe Berge, Tore Skjæveland, Olav Molven og Fritjof Lampe. Grublaren Gunder Runde vart siste bokvinnar i 2018. Gratulerer!

Takk til alle lesarane, uansett om de med ei tilfreds mine sender inn rett svar veke etter veke, eller om de sit heime med eit underfundig smil når de har funne løysinga. Det har vore gildt å vera boklækjar i år, og no har eg forlenga turnusen med bladstyraren, så: Eg kjem til å stå her, eg, seddu. Hugs no berre på dette i det nye året: Den sikraste garantien for fine timar og dagar finn me i gode bøker.

Her frå bokstova vil Klok-redaksjonen, saman med Store-Knut, ynskje dykk alle ei fredfylt høgtid og eit framifrå 2019.

Klok på bok 1368

1. Kva er etternamna til Benoni og Rosa (før ho vart gift), og kva er førenamnet til handelsmannen Mack i bøkene Benoni og Rosa?

2. I Sult er det ein episode der hovudpersonen har ei meiningsutveksling med ein politimann om kva tid det er på døgeret. Kva for klokkeslett er det dei kvar især held på som det rette?

3. «Muus hette manden, og når man så ham holdt man straks denne utrolighet for mulig.» Kva roman er sitatet frå, og kor i forfattarskapen møter me att denne Muus?

4. I reiseskildringa I Æventyrland tek Hamsun føre seg to forfattarar som han meiner stiller seg i positur på ein fot, når den naturlege stillinga er å stå på to føter utan å gjere seg til. Kva er namna på dei to som poserer?

5. I Landstrykere får ein skipsførar ein ublid lagnad i ei moltemyr. Kven lokka han dit og kva er førenamnet på ektemannen hennar?

6. Knut Hamsun var glad i reinost, som naturleg nok er ein ost basert på reinmjølk. I forfattarskapen vert denne delikatessa nemnd fleire gonger, og eg vil ha namnet på minst to verk der denne osten opptrer før eg godkjenner svaret.

7. «Husk på, nogen gir lite, og det er meget for dem, andre gir alt, og det koster ingen overvindelse; hvem har så git mest?» Sitatet er frå Pan, men kven er det som seier desse kloke orda og kor gamal er vedkommande når det vert sagt?

8. I Paa gjengrodde Stier fortel forfattaren om ein høfleg filosof som helste på ein han møtte, utan å få svar. Kven var denne filosofen?

9. Kva for ei årstid er i kjømda når Edvarda får vete at løytnant Thomas Glahn er død?

10. I ei novelle der handlinga går føre seg i tida me er inne i no, møter me eit ektepar der kona heiter Martha. Ektemannen hennar døyr på slutten av novella. Kva heitte han?

Send svar på minst åtte av dei ti spørsmåla til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 31. desember.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis