Målmann utan angst
Straks er endå ein sommar over, og hausten er i kjømda. Her i bokstova er ikkje mørke haustkveldar noko me ser mørkt på. På papiret verkar bokhausten lovande, og når det er ruskevêr utanfor, treng ein ikkje dikte opp ei skrøne for å ta godstolen i bruk. Med eit varmt pledd over seg og ei god bok mellom hendene er plutselig hausten den finaste årstida i verda.
Hausten er òg ei gild tid for folk som interesserer seg for fotball. Overraskande mange av oppgåveløysarane har ein pasjon for dette ballspelet mellom to lag der ballen ikkje får rørast med hendene av andre enn målvakta. Nett målvakta vart eit varmt tema i løysinga på oppgåve 1350. Odd Storsæter skriv: «Endelig en fotballquiz! Byen er Bergen, men laget til forfatteren var ikke Brann. Dagens forfatter er Tomas Espedal som spilte for Sandviken IL i unge dager. Boka er hans Bergeners fra 2013. Bergeners er en bergensk versjon av James Joyces Dubliners fra 1914. Tomas Espedal selv ble nominert til Nordisk Råds pris for Bergeners. Dag og Tids sitat handler om en drøm om å bo i Berlin. Det står ikke noe om fotball fra Berlin, men i historien fra Madrid hvor Espedal spiste frokost med Dag Solstad, står det: ’Jeg har vært målvakt på fotballaget til Sandefjord, og en keeper kan ikke være redd, sa han. Jeg var ingen god keeper. Albert Camus var en bedre keeper enn meg, men jeg er en bedre forfatter enn ham, sa Dag Solstad.’ Så svaret er nobelprisvinner Albert Camus, som stod i mål for Racing Club i Alger før han ble syk med tuberkulose. Bergeners handler også om Karl Ove Knausgård, som har spilt på det norske litteraturlandslaget. Den store russiske poeten Jevgenij Jevtusjenko var også en lovende målmann til han var 16 år – i egne øyne, i hvert fall. Han sluttet, enten fordi han ble oppslukt av poesi, eller fordi han var i bakrus da han skulle prøvespille i Moskva. Tomas Espedal spilte altså for Sandviken IL i Bergen. Mine kilder forteller at han spilte på midtbanen i Sandvikens røde og hvite drakter (nesten som Arsenals) og at han var en liten hissigpropp på banen. Takk til Dag og Tid og Medikus Libri som gav meg denne sjansen til å skrive assosiasjoner til en spennende bok fra Bergen og om fotball og forfattere. Dette ble ei gild helg!».
Laurits Killingbergtrø skriv: «Norsk bok frå 2013, ja. Det må bli lett, tenkte eg, for Wikipedia fører opp ei lang rekkje av bøker frå det året. Men ei etter ei datt ut, for kombinasjonen vestlandsk forfattar og prisnominert bok slo ikkje til. Redninga for meg kom frå grannelandet vårt i sør. Eg kom over ein artikkel i avisa Politiken med overskrifta ’Hvorfor er norsk litteratur så spændende i disse år?’ Og den boka som fascinerte avisa særskilt, var Bergeners av Tomas Espedal. (Elles er det ikkje alltid vi ’fjeldaber’ får så mykje ros frå den kanten.) Eg skaffa meg boka og kunne med sjølvsyn sjå at Politiken ikkje overdreiv.»
Desse kom i mål på oppgåve 1350: Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Gunder Runde, Kirsten Bakke, Torleiv Kløve, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Vigdis Hegna Myrvang, Truls Johan Horsberg Hoff, Rannveig Nordhagen, Per Skjæveland, Ragnhild Eggen, Pål Amdal, Jan Alfred Sørensen, Bjørn Myrvang, John Olav Johnsen, Audun Sjøstrand, Brith Stensen, Eli Winjum, Berit Horsberg, Per Trygve Karstensen, Else Bovim, Odd Storsæter, Jorunn Røyset, Folke Kjelleberg, Signar Myrvang, Petter Kristensen, Marit Lindberg, Sissel Gunnarshaug, Turid Tirevold, Ingvar Engen, Solfrid Vestli, Birte Næsheim, Else Gjesdahl Sørensen, Sjur Joakim Fretheim, Tor Inge Myren, Robert Øfsti, Jorunn Øxnevad Lie, Tvillingene, Gunnar Bæra, Kari Lønning og Ottar Aarø, Eva Sunde, Fritjof Lampe, Truls Songstad, Ove Bjørkhaug, Olav Molven og Inger Margrethe Berge. I dag er Ragnhild Eggen bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1352
Andre gang han måtte sette seg ned, fikk jeg å vite at han nå studerte rettssakene mot Jesus og Sokrates. Så vidt han kunne forstå, var det riktig at de ble stilt for domstol og dømt. De var begge urostiftere og opprørere som førte troskyldige sjeler ut på ville veier. Et sted måtte jo grensen gå. Samfunnet måtte verge seg mot opprørere som truet det bestående, mente han.
– Både Jesus og Sokrates ble jo dømt til døden, sa jeg.
– Jeg mener det var rett og riktig å dømme dem, men jeg er skarpt imot straffeutmålingen.
Sitatet er frå side 122–123 i boklækjarutgåva (2007). Me skal fram til ei novellesamling som kom ut fyrste gong i 2006. Denne gongen lyt ein gå til kjeldene for å finne løysinga. Samtalen i sitatet skal gå føre seg på ein fredag, men i røynda er ikkje datoen ein fredag, men ein torsdag. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha denne datoen. Send datoen som står i boka, og namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 8. september.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.