Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Julegate utenfor Steen & Strøm i juleby nr. 1: Oslo.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

1753
20171229
1753
20171229

Meir eit problem enn ei utfordring

Eg er i ein litt kinkig situasjon, ja, nærmast i ei kattepine. Og ei indre røyst fortel meg at eg truleg har vore i same situasjon tidlegare.

Saka er denne: I skrivande stund er det enno godt over ei veke til julaftan. Men når du les det med glitrande juleauge, så er det snart nyttår! Iallfall er det langt ut i romjula.

Ja, slik er det i presseverda. No er det dei som hevdar at jula varer heilt til påske (eg høyrer ikkje til dei, men eg er alltid nøye med å peike på at jula offisielt ikkje er over før Tjuandedags-Knut har slengt ut heile skiten), men de forstår problemet: I staden for å komme med ein velskriven og finsleg rapport om den verkelege jula, er eg nøydd til å finne på noko. Altså: ein rapport om korleis eg tenkjer meg at jula kjem til å bli. Først og fremst tradisjonell, vil eg tru.

Dei beste julebyane

Eg har sendt ut eit spørjeskjema til ein del slektningar (både døde og levande) og venner (ekte og falske, i tillegg til såkalla Facebook-venner). Spørsmålet er enkelt: Kva for by ville du helst feire jul i? Og svara lét ikkje vente på seg.

Her er topp 10-lista:

1. Oslo

2. Bergen

3. Dublin

4. Longyearbyen (har han bystatus, forresten?)

5. München

6. Lisboa

7. Stavanger (???)

8. Mekka

9. Ålesund

10. Kinshasa

Eg veit alt no at denne lista i enkelte krinsar vil bli sett på som både elitistisk og eksklusiv og påverka av frimurarar og bildenbergarar. Kor blei det av Sandefjord, Førde og Benidorm, liksom? Vel, vi lever framleis i eit slags demokrati, tala talar for seg sjølve, og de konspirasjonsteoretikarar der ute kan berre halde kjeft.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Han ser kanskje ut som ein idiot, og han snakkar kanskje som ein idiot, men ikkje la deg lure av det. Han er verkeleg ein idiot.»

Groucho Marx

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis