Meir frå NRK
Statsbudsjettet:
«Dyrare barnehage, reiser, hotell, porno og sportsarrangement.»
Så var det tid for julekonsertar igjen, då
Når du les dette, er det blitt november, og det betyr for mange av oss at det atter er tid for julekonsertturnering. Og det verkar nesten som det var i går at vi avslutta førre konsertturné. I fjor hadde vi med oss den tidlegare handballstjerna Mia Hundvin, som mange vil hugse. Ho gjorde ein god figur, sjølv om ho måtte trekke seg før turneen var over, av personlege årsaker. Både Konrad og eg er klare, og tende på oppgåva, og vi har øvd inn eit delvis nytt repertoar. Men vi manglar eit tredje medlem, nokon som kan kaste litt glamour og kanskje i tillegg spele eit instrument.
Etter lang tids fråvær har den noko ustabile og nærmast tonedøve advokaten min, Joachim Cappelen Damm komme på banen igjen. Han stakk innom ein kveld, saman med den trufaste hunden sin, Anus, og fortalde at han var utnemnd til forsvarar for ein av dei radikale islamistane i nabolaget mitt, i ei opprivande barnefordelingssak. Då han fekk høyre om julekonsertturneen, blei han nærmast entusiastisk og sa at der ville han gjerne stille opp, saman med den før nemnde trufaste hunden Anus. Eg spurde svært skeptisk kva for instrument han kunne førestille seg å spele, og svaret var: kornett. Eg kunne då fortelje han at kornettoppgåva var godt ivaretatt av Konrad, og at vi strengt tatt såg føre oss noko litt meir glamorøst og samtidig litt mindre forsoffent.
Så der står saka i dag. Vi har ikkje all verda med tid på oss, så eg vil gjerne at lesarane sender meg tips om aktuelle og glamorøse kandidatar som kan stå for ein støyt, toler brennevin og vegkromat og elles er greie å ha med å gjere. Og det skadar altså ikkje om dei i tillegg kan spele eit instrument. Og helst ikkje «etnisk». Vi går helst for tradisjonelle julekonsertturnéinstrument.
Halloween
I morgon er det halloween (trur eg iallfall), og eg skal som vanleg kle meg ut som ein brunsnigel. Kostymet ligg nystroke og klappa og klart. Gler meg til å gå rundt og skremme ungane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.