Min skatt
Du får aldri meir att
det du grov ned som skatt.
Du får aldri meir att
det som hende ei natt.
Du får aldri meir att
feite auren som spratt.
Du får aldri meir att
stolne kyss i eit kratt.
Du får aldri meir att
det som futen har tatt.
Så kva er min skatt?
Ein gamal fin hatt?
Replikkar som satt?
Soger og skratt?
Nei, hjorten som datt,
steika den åt eg*,
men geviret er att?
* Med rørte tytebær, kantarellsaus og nypoteter. Steik på 160 grader til kjøtet held 65 grader. Kvil i folie i eit kvarter. Eit glas raudvin til, medan bror min drakk surmjølk. Ein fin kveld, forresten.
November
Det er november
Det kalde blå ljoset
Den låge sola
Snoen som nesten har kome
Ljoset som strøymer frå vindaugo
Den svarte og grå naturen
Folk i tjukke genserar
Pusten som ryk
kring små raude munnar
Det er november.
Ikkje like bra som mai.
Men bra nok for vanlege folk
Eit dikt om Åge Smith
Åge Smith, Åge Smith
Gjorde sin dont,
betalte sin skatt
Bygde seg hus,
fann dame med katt,
Åt organisk og sunt,
Tok buss året rundt.
Ein stillfaren fyr,
som sat mykje inne,
men når det lyna og tora
då tok han ein pinne.
Åge Smith,
me heidrar hans minne
Ungdommen før
Ja, no for tida er me lite plaga med ungdommen. Dei sit heime og spelar på internettet utan å verken røyka eller drikka noko særleg. Skulearbeidet tek dei seriøst, og framtida er noko dei tenker mykje på, motsett førre generasjon som knapt såg til neste skuleferie. Det er difor Innsida denne gongen har funne fram ein notis frå andre tider. Den gongen fann ungdom på mykje spit og skjemt og kasta bort tida si på meiningslause syslar. Heldigvis slo styresmaktene ned på dette den gongen. Men vart det folk av slikt?
Innsida er usikker.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Min skatt
Du får aldri meir att
det du grov ned som skatt.
Du får aldri meir att
det som hende ei natt.
Du får aldri meir att
feite auren som spratt.
Du får aldri meir att
stolne kyss i eit kratt.
Du får aldri meir att
det som futen har tatt.
Så kva er min skatt?
Ein gamal fin hatt?
Replikkar som satt?
Soger og skratt?
Nei, hjorten som datt,
steika den åt eg*,
men geviret er att?
* Med rørte tytebær, kantarellsaus og nypoteter. Steik på 160 grader til kjøtet held 65 grader. Kvil i folie i eit kvarter. Eit glas raudvin til, medan bror min drakk surmjølk. Ein fin kveld, forresten.
November
Det er november
Det kalde blå ljoset
Den låge sola
Snoen som nesten har kome
Ljoset som strøymer frå vindaugo
Den svarte og grå naturen
Folk i tjukke genserar
Pusten som ryk
kring små raude munnar
Det er november.
Ikkje like bra som mai.
Men bra nok for vanlege folk
Eit dikt om Åge Smith
Åge Smith, Åge Smith
Gjorde sin dont,
betalte sin skatt
Bygde seg hus,
fann dame med katt,
Åt organisk og sunt,
Tok buss året rundt.
Ein stillfaren fyr,
som sat mykje inne,
men når det lyna og tora
då tok han ein pinne.
Åge Smith,
me heidrar hans minne
Ungdommen før
Ja, no for tida er me lite plaga med ungdommen. Dei sit heime og spelar på internettet utan å verken røyka eller drikka noko særleg. Skulearbeidet tek dei seriøst, og framtida er noko dei tenker mykje på, motsett førre generasjon som knapt såg til neste skuleferie. Det er difor Innsida denne gongen har funne fram ein notis frå andre tider. Den gongen fann ungdom på mykje spit og skjemt og kasta bort tida si på meiningslause syslar. Heldigvis slo styresmaktene ned på dette den gongen. Men vart det folk av slikt?
Innsida er usikker.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.