JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Mindre tal

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4264
20180126
4264
20180126

«Det er godt å kåmmå hematt frå ei lang og slitsom reis», skreiv og song Ivar Simastuen. Etter ei særs vellukka, men tidvis strabasiøs studiereise til Röcken i Tyskland, lyt boklækjaren seie seg samd med han Ivar. No skal eg ikkje trøytte lesarane med lange utgreiingar om kor slitsamt det er å kome seg til Röcken, men eg kan avsløre at kusken me nytta det siste stykket, fekk euroteikn i båe augo då han høyrde kor me skulle.

«Vi kan ha særlig godt af at lufte vore Hjerner i den Idé-Orkan, som kalles Friedrich Nietzsche», skreiv Arne Garborg, og det var nett Nietzsche me ville vitja, den norske forfattaren og eg. Det siste hinderet på studieturen var at heile området me ville sjå, var avsperra med raude og kvite band, truleg av di ein orkan hadde fått ein idé om å blåse taksteinen av kyrkja ved gravplassen. Ikkje sei det til nokon, men me smaug oss under avsperringa og fekk sjå både grava og barndomsheimen til Friedrich.

Frå Röcken til løysinga på oppgåve 1322. Gunnar Bæra skriv: «Den sovjetisk-amerikanske lyrikaren Iósif Aleksandrovitsj Bródskij (1940–1996) vart fødd av jødiske foreldre i Leningrad. Frå 1958 skreiv han dikt som sirkulerte som avskrifter eller vart trykte i illegale aviser. I 1964 vart han dømd til fem års straffarbeid for ’parasittisme’, men sona berre eitt år. Den kjende lyrikaren Anna Akhmatova rosa han for å vera den fremste russiske lyrikaren i sin generasjon, og han fekk publisert fleire dikt etter kvart, men i 1972 emigrerte han til USA. Her skreiv han også ei rekkje essay, og eit utval vart omsett til norsk i 1988 med tittelen Mindre enn én. Han fekk nobelprisen i 1987.»

Sjur Joakim Fretheim skriv: «Verket i Kpb-1322 er Mindre enn én av Joseph Brodsky. Eg minnast den boka. Eg lånte ho av bror min ein gong. Eg las ho sakte og eg lika det eg las. No er det eit kvart århundre sidan. Eg las litt igjen no. Det er ei god bok, god då og god no.»

Det var meir enn éin innsendar som fann fram til rett svar på oppgåve 1322: Jon Grepstad, Gunn Bull-Berg, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Solfrid Vestli, Torleiv Kløve, Vigdis Hegna Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Hallgeir Dale, Bjørn Myrvang, Kirsten Bakke, Tor Inge Myren, Olav Holten, Gunder Runde, Else Bovim, Inger Anne Hammervoll, Jan Alfred Sørensen, Christopher Messelt, Lars Helge Nilsen, Skeisebibliotekaren i LASK, Audun Gjengedal, Britt Juul, Gunnar Bæra, Rannveig Nordhagen, Nils Ottesen, Eli Seim, Birte Næsheim, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Eirik Holten, John Olav Johnsen, Ståle Ritland, Nils Farstad, Folke Kjelleberg, Petter Kristensen, Jorunn Øxnevad Lie, Odd Storsæter, Inger Margrethe Berge, Fritjof Lampe, Bjørn Gjemundsen, Ingebjørg Sogge, Eva Sunde, Anne-Marie Grønhaug, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane, Ingvar Engen, Tove Knutsen og Idar Lind, Robert Øfsti, Olav Molven, Eli Hegna, Per Olav Skjevdal og Gjertrud Fanebust. Denne gongen er Inger Margrethe Berge bokvinnar. Gratulerer!

Boklækjaren vert alltid i godt humør når innsendarane skriv at spalta har medverka til at ein bokhandel eller eit bibliotek har fått besøk. Eg tek med to døme på det siste:

Fyrst ei fin helsing frå Odd Storsæter: «Jeg vil takke personalet ved Trondheim folkebibliotek som gang på gang henter gull fram fra sine magasiner i kjelleren opp til meg og andre låntakere!»

Til sist i dag får John Olav Johnsen ordet: «Bokspalten i Dag og Tid har medført at jeg hver lørdag, dagen etter at jeg har fått avisen i hende, er fast gjest på biblioteket. Dette for å låne den aktuelle boken og for å vurdere om det eventuelt er verdt å ofre tid på å lese den. Dette faste bibliotekbesøket er et av ukens høydepunkt og har også ført andre gode ting med seg. For dette skal boklækjaren ha takk.»

Klok på bok 1324

eg kunne ikkje

sjå inn i narkosen,

skuggen gjekk inn i den blå stova si og fortalde om far min, medan eg venta på å vakna skikkeleg til skuggane i papirgardina sine faldar, nei du likar meg ikkje.

Sitatet er frå side 22 i boklækjarutgåva (2016). På originalspråket kom boka ut i 2012. Forfattaren er fødd i eit år som byrja på ein onsdag. På bokmål finn me eit varmblodig virveldyr med fjør og venger i namnet på forfattaren. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 2. februar.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis