Morgen o kveld
Det burde vere moro å gå til tannlegen, alltid. Her fortel Armstrong (i den britiske komiserien Armstrong and Miller) ein pasient om korleis og korfor kona har fått utført kosmetisk kirurgi nedantil.
Det siste året har eg og ein unge eg kjenner godt, vanka på ein tannlegeklinikk «sentralt i Oslos hippeste område», som dei seier på nettsida si, der tannreguleringsavdelinga, som kallar seg Kjeveortopedi Team, blant anna skriv: «Hvis du etter en første diskusjon ønsker å gå videre tar vi en eller to røntgenbilder som vi analyserer.»
Helst burde eg tatt ein «første diskusjon» rundt språket i det første informasjonsskrivet eg fekk, for der blei det klart at dette er tannlegar som ikkje bruker tid og pengar på språkvask. Der og då var eg meir opptatt av å rekne ut kor mykje behandlinga eigentleg kostar når ho kostar rundt 22.000 kroner etter at staten har refusert 70 prosent, kor mykje av skatten eg har betalt så langt i livet, er inkludert i rabatten, og så vidare. I alle fall kan ein ikkje anna enn smile når ein med eitt har spart 100.000 kroner. Viss alle ungane mine må ha streng fordi skuletannlegen seier det, sparer eg så mykje pengar at vi snart kan kjøpe bil eller til og med hus.
Og tida går fort: Her ein dag blei strengen fjerna, og vi fekk eit nytt skriv:
«Du har nå blitt klart med kjeveortopedisk behandling. Men ! Vi kan ikke garantere for stabil behandling hela livet. Tenner sitter ikke fast i kjeven. Ansikt, kjever og tenner forandres over tid. For å motvirke dette; Får du som regel en streng på baksiden av tennene som skal sitte i mange år. + en avtakbar tannregulering i overkjeven , bruker i cirka 1,5 år. Tannskinnen rengjøres morgen o kveld med tannbørste og kalt vann (ikke så varmt). Oppbevares i boksen som du får utlevert ved tilpasning av platen når den ikke brukes.»
Som han sa, snikkaren, då eg påpeika at det ikkje heiter «terase», men «terrasse»: «Er det så nøye, så lenge det blir fint?»
Spising av bor
No låg eg sjølv i tannlegestolen for ei tid tilbake, ja, det er kanskje nokre år sidan, då eg ikkje går til tannlegen før det er så ille at eg må krype inn med tennene mellom beina. Men mens eg låg der, nesten opp ned, toskete skjelven, og tannlegen, som ikkje har norsk som morsmål, gav eit av dei grufulle apparata sine til assistenten sin og sa at «du må spise dette», måtte eg le, frigjerande, slik latter jo er i tragediar.
– Ho skal ikkje spise det, sa eg. – Ho skal spisse det.
– Aha, sa tannlegen og flirte. – Spise, ja. Spise.
– Spisse, sa eg.
– Spise?
– Spisse!
– Spisse?
– Ja! nærmast jubla eg. – Spisse!
Men moroa var over: Assistenten var tilbake med nyspissa instrument.
– Ikkje spise, mumla tannlegen, romsterande i kjeften på meg. – Spise. Ikkje spise. Spise.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?