JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Når vill­dyret smiler

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4666
20210827
4666
20210827

Det går mot haust. Før i tida, då me alle saman var yngre enn me er i dag, var hausten favorittårstida til boklækjaren. Framleis er ho det. Det er ikkje hausten som har tapt glans og farge hos meg. Det er gleda over dei konkurrerande årstidene som har vore i vekst.

Heldigvis heng det ikkje ein instruks om heile tida å vere vilkårslaust begeistra her i bokstova. Når haustmørket kjem snikande, og det blæs nordavind frå alle himmelretningar, har me forståing for at folk i periodar synest livet er svart og håplaust. Kan hende tenkjer nokre på hausten som ein tunnel dei berre skal gjennom for å finne eit lys i enden når vinteren kjem og verda vert kvit. Eit fint og sikkert kjennemerke ved ein tunnel er jo dette, at det er lys i enden på han. Elles er det ei hole.

Å smile er å dra munnvikane til sida for å uttrykkje eit låttmildt huglag. Diverre, eller heldigvis, har eg ikkje møtt ein tiger med eit slikt andletsuttrykk. Men eg kan førestille meg det.

Det kan løysingsforfattaren denne veka òg. Laurits Killingbergtrø skriv: «Boka er Tigersmil, og forfattaren er Sissel Lie. Av det (i ettertid) morosame tekstklippet ser eg at ho mellom anna lærte seg formskrift. Da var ho tidlegare ute enn eg, som gjekk omtrent samtidig på folkeskole i Trøndelag. Der hadde vi det faget vi kalla ‘Skjønnskrift’ i ei bok med tittelen Nytt system. Der var det prenta setningar med vakker slyngjeskrift (lykkjeskrift) i raudt. Den skulle vi skrive over med penn og blått blekk, og på den neste tomme lina skulle vi skrive så likt som mogleg på frihand. Eg hugsar vi seinare undrast på kvifor skrifta vår likevel vart så vidt forskjellig etter som åra gjekk, når vi lærte same skrifta i starten. Sei det. Formskrift lærte eg elles aldri spesifikt.»

Janneken Øverland skriv: «L og i og e finnes i Sissel! Sissel Lie utga i 1986 Tigersmil. Sitatet røper en generasjonserfaring jeg deler, derfor falt tanken fort i retning av Lie, som har skrevet mye interessant om språk og stil.»

Petter Kristensen skriv: «Forfatteren er Sissel Lie, sitatet er fra Tigersmil. Noveller og fortellinger. En bok som hun fikk Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 1986. Sitatet er fra Jeg husker… som er skrevet til minne om en annen Kpb-forfatter fra noen få år siden, Georges Perec. En spennende bok og oppgave!»

Gunder Runde skriv: «I 1942 vart Sissel Lie fødd i Kristiansand. Seinare kom ho til Trondheim, vart tilsett ved NTNU og er no professor emerita der, med romanske språk som spesialitet. I 1986 debuterte ho med novellesamlinga Tigersmil, der dagens tekst er henta frå, med tittelen Jeg husker..., som inneheld ei rekkje til dels gjenkjennelege minne frå barndomen, deriblant blekkflekkane og regelverket ‘alltid to l-ar i alltid, aldri to l-ar i aldri‘. For denne boka fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris, eit heidersmerke i vår litterære sandkasse. Ho høyrer nok ikkje til dei mest kjende forfattarane i landet, men har trufast gitt ut både romanar for vaksne, barnebøker og ei lang rekkje med sakprosabøker av ulikt slag. Så seint som i 2019 kom ho med ein ny roman, i ein alder av 77 år. Det er aldri for seint!»

Lytelause løysingar på oppgåve 1493 fekk me frå: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ingeborg Helvik, Janneken Øverland, Ingebjørg Sogge, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Turid Tirevold, Signar Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Gunnar Bæra, Jorunn Røyset, Pål Amdal, Laurits Killingbergtrø, Kjell Helge Moe, Ole Husby, Erik Aamlid, Sjur Joakim Fretheim, Olav Holten, Jacob Bull-Berg, Eli Hegna, Ragnhild Eggen, Nina Therese Maubach, Anne Berit Skaarer, Brita Lundeland, Hans M. Gautefall, Skeisebibliotekaren i LASK, Olav B. Larsen, Lise Haaland, Tor Inge Tennfjord, Folke Kjelleberg, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Laura Killingbergtrø, Jan Erik Røed, Inger Margrethe Berge, Magnhild Reisæter, Petter Kristensen, Audun Gjengedal, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnar Eide, Robert Øfsti, Kirsten Bakke, Eirik Holten, Asbjørg Apalset, Fritjof Lampe, Bjørn Gjermundsen, Dei kvasse på Fana, Per Trygve Karstensen og Ole G. Evensen. Denne gongen heiter bokvinnaren Janneken Øverland. Gratulerer!

Klok på bok 1495

Jeg brakte dere sammen;

jeg kan viske dere ut

som om dere var en forkastet skisse,

en øvelse

fordi jeg er ferdig med dere, åpenbaring

av dypeste sorg.

Sitatet er frå avslutninga på eit dikt som står på s. 66/67 i boklækjarutgåva (2021). Tittelen på diktet vert straks aktuell. På originalspråket kom boka ut ein gong på 1990-talet. Forfattaren burde ha til salt i maten. Boklækjaren ynskjer oppgåveløysarane lykke til! Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 4. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis