Nordiske matskattar, del 8
I Innsida si faste og framleis ikkje subsidierte spalte om den ekte norske maten, har turen denne gongen kome til den norske raude safta.
Medan andre land stort sett serverer gul saft, har me knytt oss svært nær til den raude safta; gjerne rips eller bringebær.
Går ein tjue-tretti år attende i tid, var det knapt ein bursdag eller eit festleg lag utan raud saft. Brus var noko som ikkje kunne kjøpast i tre–fireliters plastflasker til nokre få kroner. Det var dyrt, og helst noko eliten helte i seg. Raud saft, derimot, var nordmannens drykk.
I våre dagar finn ein stort sett raud saft i helsevesenet. Ein eller annan har gjort ein god jobb med å få innført at der folk skal handsamast av helsepersonell, må det vera raud saft.
Innsida helsar den raude safta med eit dikt.
SAFT
Av tidl. kokkelærling ved Mælands Hotel i Granvin, Ivar Nimme
Kelner, eit glas,
no er eg tyrst
fyll opp, min ven
ein dobbel ein fyrst.
Kona gjekk frå meg
aksjar gjekk ned,
gje meg ein tår,
eg treng faktisk det.
Det hastar, min mann,
eg treng sårt til litt kraft,
rips eller solbær,
eit stort glas med saft.
Saft, saft
Slik eg fekk av ho mor,
Saft, saft
Det beste på jord,
Saft, saft
Rein, raud og fin
Saft, saft
Men ha oppi litt gin.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nordiske matskattar, del 8
I Innsida si faste og framleis ikkje subsidierte spalte om den ekte norske maten, har turen denne gongen kome til den norske raude safta.
Medan andre land stort sett serverer gul saft, har me knytt oss svært nær til den raude safta; gjerne rips eller bringebær.
Går ein tjue-tretti år attende i tid, var det knapt ein bursdag eller eit festleg lag utan raud saft. Brus var noko som ikkje kunne kjøpast i tre–fireliters plastflasker til nokre få kroner. Det var dyrt, og helst noko eliten helte i seg. Raud saft, derimot, var nordmannens drykk.
I våre dagar finn ein stort sett raud saft i helsevesenet. Ein eller annan har gjort ein god jobb med å få innført at der folk skal handsamast av helsepersonell, må det vera raud saft.
Innsida helsar den raude safta med eit dikt.
SAFT
Av tidl. kokkelærling ved Mælands Hotel i Granvin, Ivar Nimme
Kelner, eit glas,
no er eg tyrst
fyll opp, min ven
ein dobbel ein fyrst.
Kona gjekk frå meg
aksjar gjekk ned,
gje meg ein tår,
eg treng faktisk det.
Det hastar, min mann,
eg treng sårt til litt kraft,
rips eller solbær,
eit stort glas med saft.
Saft, saft
Slik eg fekk av ho mor,
Saft, saft
Det beste på jord,
Saft, saft
Rein, raud og fin
Saft, saft
Men ha oppi litt gin.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?