Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Nordmenn, 17. mai og verda ikring

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2973
20170512
2973
20170512

Snart er det 17. mai, og det å vera norsk vert feira. Er du stolt av å vera norsk? Er det å vera nordmann noko du gjerne og ofte legg vekt på, når du møter folk som ikkje er så heldige at dei er norske eller når du er i utlandet: «Hello, I am from Norway»?

Noreg er eit fint, fritt og trygt land. Naturen vår er strålande. Me har reinsdyr, midnattssol og nordlys. Bunad og 17. mai med barnetog.

Me deler ut fredspris og vil gjerne gjera verda til ein betre klode å leva på. Me er sanneleg blant dei beste folkeslaga.

Å koma frå Noreg er noko me trygt kan utbasunera med rak rygg.

Eg seier ikkje at me er sjølvgode og arrogante, når me reiser omkring.

For me er på same tid både blant dei beste og klare over at me kjem frå eit lite land langt mot nord.

Likevel har me ei aldri så lita forventning om at det skal bety noko, når me fortel at «her står det jammen ein vaskeekte nordmann framfor deg, kjære utlending».

Me har eit håp om at det skal koma ein positiv respons, opna seg nokre dører, anerkjennande nikk eller respekt, når det går opp for folk der ute at det er nordmenn blant dei.

Det står ein triveleg mann med ryggsekk og eit dumt smil ute i verda og reknar med at det å vera norsk er noko som skal slå an.

Nokre gonger gjer det naturlegvis det, men av og til blir det tomme blikk, når eg seier at: «I came from Norway».

Det er rett og slett avgrensa kva fem millionar menneske kan klara.

Likevel dreg me optimistiske ut i verda for å skapa fred eller visa fattigfolk korleis dei skal koma seg opp og fram.

Fordi me er frå Noreg.

«I am from Norway, you know, Solskjær and Ibsen and Bent Skammelsrud». Eg brukar det sjølv, eg.

Viss eg er ein stad der det kanskje ikkje er flust med folk frå skikkelege land, passar eg naturlegvis på å fortelja at i mangel på andre med sterk karakter og usjølvisk innsatsvilje, står det ein nordmann her, klar til å bidra.

Eller i ei knipe kan det vera lurt å flagga kvar ein er i frå.

I Amerika køyrde eg ein gong litt for fort. Dei har umåteleg låge fartsgrenser til å ha så fine vegar. Uansett så dukka det opp ein stor flott bil med blålys i spegelen min, og det var «step out of the car, please».

Eg retta meg opp i ryggen og sa «I am from Norway».

Han såg berre dumt på meg og stakk til meg ei bot på 300 dollar.

Sannsynlegvis trudde han Norway var ei lita grend med dustar i nabostaten. Lite å henta var det iallfall.

Men då eg køyrde for fort i Irland, gjekk det betre. Etter ein lang dag på små tronge vegar, dukka det opp eit kort fint stykke veg med fire felt. Og eg fekk endeleg blåst ut litt damp.

Etter berre nokre få minutt på den fine vegen kom det blålys i spegelen.

Ein politimann kom fram til bilen. Eg prøvde meg igjen: «Hellos, we are from Norway». Mottakinga var ei heilt anna.

«I have a colleague at the station. He has a wife from Norway. I think he will be very disappointed if I gave you a speeding ticket. Have a good day, sir.»

Nordmenn, veit du. Verda elskar oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis