Nord-Noregs eldste og beste pub
Det er alltid farleg å utropa noko til det beste i landet, men det har me her i Innsida for vane å gjera. Det gjer me i denne utgåva òg. Vardø, heilt nord og aust i landet vårt, er ein by med ei sterk soge. Heilt frå Christian Kvart drog på ei farefull ferd heilt nord til Vardø i 1599 for å markera at dette var dansk-norsk territorium, har byen hatt ein heilt spesiell posisjon som ein særprega utpost. Sjølv om det meste av dei fine trehusa i Finnmark vart brende av tyskarane, klarte Vardø å redda over 100 hus.
I eitt av desse flotte gamle minnesmerka over det gamle bylivet så langt nord ligg Nordpol Kro. Ikkje ukjend blant fiskarar og kystfararar, men kanskje ikkje så kjend blant Innsida sine lesarar. Me tek difor på oss å slå eit slag for denne legendariske puben.
Heilt sidan 1860-talet har kroa vore open. Det klassiske og svært innbydande interiøret har nok vore ramma for mang ein ramsalt kveld. Nordpol Kro er framleis eit sterkt og aktivt kultursentrum i Vardø med både «Blues i vintermørke» og forteljarfestival. Levande musikk er titt og ofte å høyra. Stikk du innom, vankar det nok både ei og anna fiskeskrøne og eit spanande rykte frå den kalde krigen.
Gamle heltar i godt driv
Innsida var nyleg på Skreifestivalen på Myre i Vesterålen, visstnok den hamna i Noreg der det vert landa mest av den gode torsken. Maten var naturlegvis svært fersk og god. Vêret strålande. Og den som har møtt ein sur vesteråling, kan rekka opp handa, for han trur me ikkje finst. Stemninga når fiskebåtane ligg tett i tett og havet byr på det beste ein kan tenka seg, er naturlegvis heilt på topp. Og toppa det kan kulturlivet på desse kantar, når det musikalske er i høgsetet seint om kvelden.
Ein må vel kunne kalla det dobbelt opp når både Ketil Stokkan spelar Zoo og Banana Airlines kjem til Flånøren.
Eit år til neste gong?
Kjekt på do
Innsida slår òg denne gongen eit slag for å skapa trivnad når ein treng det som mest. Det er verkeleg opplyftande å oppleva når nokon gjer det vesle ekstra for dei som skal ha ei lita stund for seg sjølv. Lesarane våre har og fått auga opp for trivelege rom for det mest naudsynte. Birte Nesheim fann i sumar ut at utedassen på Krossvatn verkeleg var oppgradert. Ho hevdar i eit skriv til Innsida at Stavanger Turistforening har den finaste utedoen i landet. Innsida har ikkje informasjon som kan setja akkurat dette i tvil. Me reknar med at det vil tilflyta oss informasjon dersom dette skulle visa seg å vera feil.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.