Norske matskattar – 14: svele
Turen er komen til svela i vår ikkje-statleg-subsidierte serie om norske matskattar. Svela er sentral i kystkulturen på Vestlandet, sjølv om ein naturlegvis finn svela både sør for og nord for svelebeltet, som er det geografiske ferjetette området frå om lag nord i Hordaland til nord i Møre og Romsdal. Sveler dukkar òg opp sporadisk på andre ferjestrekningar, utan at svelekulturen av den grunn slår rot på land.
Svelehistorikarar påstår at denne norske forma for pannekake eller lapp, som òg er eit namn mykje brukt på den same godbiten, dukka opp for fullt i moderne tid tidleg i 1970-åra, då entusiastar blant dei tilsette i ferjeselskapet Fjord1 byrja å steika sveler om bord på ferjene i Møre og Romsdal. På same tid skaut privatbilismen fart og kombinasjonen av dei mange ferjestrekningane og stor auke i biltrafikken gav svela ein utruleg popularitet.
I dag, derimot, er det mange som kjenner på at svela er truga. Fjord1 har kutta sveler på mange av strekningane sine, sjølv om ho framleis vert servert på hovudsvelesambandet Molde–Vestnes.
Innsida tok (utan statsstøtte) turen inn i hjarta av svelenedslagsfeltet i Møre og Romsdal, til Valldal og Geiranger, for å sjå korleis det står til med svela.
Fjord1 lanserte for noko tid sidan ideen om ein sveleautomat – eit forslag som sveleentusiastar naturlegvis har vore svært klårt imot. Folk som likar sveler, likar ikkje store endringar og iallfall ikkje svele i ny teknologi.
På ferjestrekninga Linge–Eidsdal er svela altså heilt borte, kunne Innsida slå fast førre
helg.
Ein farande bilist som er sugen på svele, kan difor ikkje lenger stola på at ferja serverer den mest kjende norske vegmaten vår. Ein lyt bunkra opp med sveler på førehand. Innsida gjorde dette i Valldal på Sylteormen Bakeri, som lagar heilt strålande sveler på gamlemåten med natron. Sveler vert til ved at ein lagar ein eggedosis og blandar inn kulturmjølk og kveitemjøl. Natron og hjortetakksalt er der for å få svela til å svella, men tilfører òg svela den karakteristiske smaken som skil ei god svele frå pannekaker og vaflar og slikt.
Stadig fleire ferjestrekningar vert bytta ut med bru, og viss Fjord1 ikkje tilbyr sveler, ser ikkje Innsida korleis komande generasjonar skal få eit naturleg tilhøve til denne viktige norske matskatten.
Nei til ferjefritt samband kvar det måtte vera, skriv Innsida her på leiarplass.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?