Note 1: Før i tida såg vi på vårblomster; no ser vi på vårtatoveringar – gjerne blomster, forvirrande nok. Det siste er tatoveringar med 3D-effekt, slik at det ser ut som om blomane veks ut av armane på folk. Ta ein tur til Grünerløkka; der luktar det gartneri.
Note 2: For å illustrere kor lettlurt eg er, kan eg fortelje om då eg kjøpte ein «perfekt familiebil» – sjusetar – via Finn. Seljaren garanterte at bilen var «i tipp-topp stand», og etter litt prøvekøyring (på ein parkeringsplass), betalte eg 29.000 kroner i kontantar (som eg hadde tatt ut i åtte–ti minibankar), og så feis eg av garde, glad for at eg og gjengen min endeleg hadde bil og kunne køyre til Sunnfjord, kanskje Spania.
Sidan tanken var tom, køyrde eg til nærmaste bensinstasjon, der eg oppdaga at når eg fylte, rann bensinen ikkje berre ned i tanken, men ut i lufta via eit hol i røyret. Eg ringe seljaren, som straks kom og forsikra at det kosta maks 600 kroner å reparere «bagatellen». «Ikkje noko problem.» Han gav meg ein tusenlapp og var kanskje trollmann, sidan eg var underleg nøgd heile vegen til verkstaden.
Etter ei tid, då eg hadde brukt 29.000 nye kroner på reparasjonar og mekanikaren sa at «no må du bli kvitt dette vraket» og «du er galen som fraktar ungane dine rundt i noko slikt», selde eg bilen for 2.500 kroner, med nye dekk.
Bilen var forresten blågrøn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Note 1: Før i tida såg vi på vårblomster; no ser vi på vårtatoveringar – gjerne blomster, forvirrande nok. Det siste er tatoveringar med 3D-effekt, slik at det ser ut som om blomane veks ut av armane på folk. Ta ein tur til Grünerløkka; der luktar det gartneri.
Note 2: For å illustrere kor lettlurt eg er, kan eg fortelje om då eg kjøpte ein «perfekt familiebil» – sjusetar – via Finn. Seljaren garanterte at bilen var «i tipp-topp stand», og etter litt prøvekøyring (på ein parkeringsplass), betalte eg 29.000 kroner i kontantar (som eg hadde tatt ut i åtte–ti minibankar), og så feis eg av garde, glad for at eg og gjengen min endeleg hadde bil og kunne køyre til Sunnfjord, kanskje Spania.
Sidan tanken var tom, køyrde eg til nærmaste bensinstasjon, der eg oppdaga at når eg fylte, rann bensinen ikkje berre ned i tanken, men ut i lufta via eit hol i røyret. Eg ringe seljaren, som straks kom og forsikra at det kosta maks 600 kroner å reparere «bagatellen». «Ikkje noko problem.» Han gav meg ein tusenlapp og var kanskje trollmann, sidan eg var underleg nøgd heile vegen til verkstaden.
Etter ei tid, då eg hadde brukt 29.000 nye kroner på reparasjonar og mekanikaren sa at «no må du bli kvitt dette vraket» og «du er galen som fraktar ungane dine rundt i noko slikt», selde eg bilen for 2.500 kroner, med nye dekk.
Bilen var forresten blågrøn.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?