Ny spalte: plateomslag utanom det vanlege
Ja, Innsida går ikkje av vegen for å starta nye spalter. Vi har spalter for både matskattar og skilt, så kvifor ikkje ei som lyftar fram dei noko særmerkte plateomslaga frå tidlegare tider. Før i verda vart nemleg musikk omsett fysisk i eigne butikkar, og musikken var svært omstendeleg pakka inn med både artige namn og artige bilete på omslaga.
Slik er det ikkje lenger, men ved å lyfta dette fram, vonar Innsida å skapa ein kultur for at me skal sjå dette igjen.
Det fyrste dømet er den opprørske rockegruppa Them, som verkeleg tok opp kontroversielle saker, men som likevel valde å kle seg veldig skikkeleg for å nå fram. Dei er sinte. Dei vil noko – og dei har tatt på seg slipset.
Det andre dømet er den ukjende songaren Matt Berry, som ikkje berre har teke turen utandørs, men som har pynta opp med ein fin skogsfugl for å gjera bodskapen endå meir interessant for ungdommen. Dersom nokon av lesarane våre har andre døme, tek me som vanleg imot.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ja, Innsida går ikkje av vegen for å starta nye spalter. Vi har spalter for både matskattar og skilt, så kvifor ikkje ei som lyftar fram dei noko særmerkte plateomslaga frå tidlegare tider. Før i verda vart nemleg musikk omsett fysisk i eigne butikkar, og musikken var svært omstendeleg pakka inn med både artige namn og artige bilete på omslaga.
Slik er det ikkje lenger, men ved å lyfta dette fram, vonar Innsida å skapa ein kultur for at me skal sjå dette igjen.
Det fyrste dømet er den opprørske rockegruppa Them, som verkeleg tok opp kontroversielle saker, men som likevel valde å kle seg veldig skikkeleg for å nå fram. Dei er sinte. Dei vil noko – og dei har tatt på seg slipset.
Det andre dømet er den ukjende songaren Matt Berry, som ikkje berre har teke turen utandørs, men som har pynta opp med ein fin skogsfugl for å gjera bodskapen endå meir interessant for ungdommen. Dersom nokon av lesarane våre har andre døme, tek me som vanleg imot.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.