Nytt system
Dag og Tid har fått nytt avisproduksjonsdatabehandlingssystemopplegg. Dagen då det nye avisproduksjonssystemopplegget, som er finsk, blei implementert, var kosteleg. Deskarbeidarar og journalistar, to svenske avissystemekspertar* og ein gammal golden retriever kakla, kjekla og veiva med armar og bein over dei nye avissidene, mens herr Gjerdåker - sjefen – kommenterte sindig frå sidelinja: «Det blir som når ein skal ha nye kyr inn i floren. Det blir fort eit kaos. Dei første vekene er dei knapt råd å mjølke. Men slapp av, det går seg til.»
*Den eine ekspertsvensken, som òg var til stades då avisa du har framfor deg, gjekk i trykken, er faretruande lik Eirik Jensen, berre at han er tynnare og har lengre hår. Han køyrer i tillegg Harley Davidson. Sidan Dag og Tid held til omtrent vegg i vegg med Oslo tinghus, der Eirik Jensen for tida sit på tiltalebenken dag ut og dag inn, må svensken stadig svare på om ikkje han har gått feil. Jammen har han ikkje blitt nøydd til å dele ut ein autograf òg. Her ser du bilete av dei to. Gjett kven som er kven.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dag og Tid har fått nytt avisproduksjonsdatabehandlingssystemopplegg. Dagen då det nye avisproduksjonssystemopplegget, som er finsk, blei implementert, var kosteleg. Deskarbeidarar og journalistar, to svenske avissystemekspertar* og ein gammal golden retriever kakla, kjekla og veiva med armar og bein over dei nye avissidene, mens herr Gjerdåker - sjefen – kommenterte sindig frå sidelinja: «Det blir som når ein skal ha nye kyr inn i floren. Det blir fort eit kaos. Dei første vekene er dei knapt råd å mjølke. Men slapp av, det går seg til.»
*Den eine ekspertsvensken, som òg var til stades då avisa du har framfor deg, gjekk i trykken, er faretruande lik Eirik Jensen, berre at han er tynnare og har lengre hår. Han køyrer i tillegg Harley Davidson. Sidan Dag og Tid held til omtrent vegg i vegg med Oslo tinghus, der Eirik Jensen for tida sit på tiltalebenken dag ut og dag inn, må svensken stadig svare på om ikkje han har gått feil. Jammen har han ikkje blitt nøydd til å dele ut ein autograf òg. Her ser du bilete av dei to. Gjett kven som er kven.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.