Observasjonar ved vasskade
Denne hausten har Sigrid slite med ein vasskade i leilegheita si, som det har teke litt tid å reparere. Skaden oppstod i starten av september, og det er fyrst nå – to månadar seinare – at livet begynner å vende attende til det normale. Lekkasjen var i varmtvasstanken på kjøkenet, så både varmtvatnet og kjøkenet har vore ute av spel ganske lenge.
For dei som aldri har opplevd ein vasslekkasje, kan det kanskje verke litt forlokkande og eksotisk. Og det kan vi stadfeste at det er. Det er sikkert mange som lurar på korleis ein greier å innordne kvardagen når ein korkje har varmtvatn eller kjøken over lengre tid. Men her kjem nokre eksempel på at mennesket er tilpassingsdyktig og lett tileignar seg nye situasjonar:
– når ein må dusje hjå naboen og det ikkje går an å låse døra på badet, lærer ein seg å ikkje vera sart når det gjeld nakenheit
– det går heilt fint å dusje i kaldt vatn dersom det ikkje finst noko alternativ
– det er både koseleg og praktisk å laga frukost på badet (vasskokar + pulverkaffi)
– det er dumt å inngå medlemskap i Coop når kjøkenet ikkje fungerer, for da trur mannen som registrerer kva du kjøper, og som finn ut kva slags bongar du skal få, at du er ein elendig boms som berre lever av ferdigmat og ingenting anna
– det går an å bli lei av nudlar
– det går heilt fint å tørke all klesvasken på sengerommet fordi det luktar muggent golv i resten av leilegheita
– når det plutseleg, utan forvarsel, kjem ei vaskedame på døra for å ordne opp etter arbeida på kjøkenet, tenkjer du: «Ops, dette burde eg visst om, slik at eg kunne vaska litt før ho kom.»
Alt i alt: Vasslekkasje er upraktisk, men det er sunt å utfordre litt av kvardagsrutinane.
Terningkast 3
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?