Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Unicen» utenfor Alexandra Hotel i Molde. Sjåfør er Torkild Aarø.

Foto: Romsdalsmuseet.

1526
20170512
1526
20170512

12. mai 1908 opna Aarø Automobilselskap det fyrste norske rutebilsambandet. Det gjekk frå Molde til Batnfjordsøra.

At det var her, og ikkje i meir sentrale strok sør og aust i landet, at rutebussen kom fyrst, er elles rimeleg. Dette var hovudvegen mellom Sunnmøre og Kristiania, og bussen korresponderte med dampbåt til Kristiansund og Trondheim og Rørosbanen gjennom Østerdalen til hovudstaden. Med bussen kunne dessutan båtpassasjerar langs kysten lura seg tørrskodde utanom den lumske Hustadvika.

Den fyrste norske «bussen» – ein 1907-modell av merket Unic – hadde rom for førar og fem passasjerar. Med 18 hestekrefter til disposisjon gjekk den 36 kilometer lange turen med avgang frå Molde kl 19.00 som ein røyk på 1 time og 15 minutt, med retur frå Batnfjordsøra klokka 22.00.

Men alt vinteren etter kom hesten og sleden til heider og verde att, for brøytebilen hadde framleis ikkje funne vegen til Noreg. I 1913–14 prøvde dei å setja meiar på framhjula til bussen og ein trommel bak med firtoms piggar til framdrift, men slik skodd sleit doningen for hardt på vegen over Fursetfjellet.

Til sist utvikla Aarø Automobilselskap sin eigen brøytereidskap, men det er ei anna soge.

Unicen var kabriolet, open med kalesje, og han hadde fransk motor og understell. Men karroseriet var laga her i landet, av Kolberg, Caspary & Co, i lokala til Kløvstad & Søns Vognfabrik i hovudstaden. Etter fire års teneste tok andre og større køyrety over rutetrafikken, men pioneren, T-1, har Romsdalsmuseet teke vare på til denne dag.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis