JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Parat for paradoks?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4881
20240802
4881
20240802

Filosofen Jacques Derrida vart fleire gonger skulda for å snakke i paradoks heile tida. I svaret på skuldingane var filosofen krystallklårt kryptisk: «Eg snakkar ikkje i paradoks heile tida. Men når eg gjer det, gjer eg det ikkje.»

Ja, slik byrjar me denne sesongen med leiting etter løysingar på litterære gåter her i bokstova. Og me er langt frå ferdige med det paradoksale. Me skal nemleg snakke litt om Gilbert Keith Chesterton (1874–1936), han som vart kalla fyrsten av paradoks, veit du. For å fastslå at Chesterton ikkje var nokon kvensomhelst, kan me nemne at han blei nominert til nobelprisen i litteratur i 1935, og at han var yndlingsforfattaren til Sigrid Undset. Ut over Undset skal Gilbert ha påverka skrivinga til Jorge Luis Borges, Karel Čapek, Graham Greene, Ernest Hemingway, Franz Kafka, C.S. Lewis, Gabriel García Márquez, George Orwell og Evelyn Waugh. Med fleire.

Nokre døme på paradoksa til Chesterton lyt me sjølvsagt presentere. Det fyrste har litt humor i seg: «Somme spring så fort at dei aldri kjem fram.» Meir patos er det over postulatet: «Å elske betyr å elske det ein ikkje kan elske. Å tilgje betyr å tilgje det utilgjevelege. Tru betyr å tru på det utrulege. Håp betyr å håpe når alt verkar håplaust.»

No veit du mykje meir om G.K. Chesterton enn du gjorde då du vakna i dag. Takk for takken.

Inger Anne Hammervoll skriv: «I ettermiddag har eg opplevd noko særskilt, i alle fall noko uvanleg til meg å vere. Eg henta avisa og la ho i bilen, men fall for freistinga å lese vekas sitat før eg køyrde av garde. Eg fekk straks ei kjensle av at dette var frå ei bok eg har lese for lenge sidan og framleis har ståande i bokhylla. Namn på forfattar og tittel på romanen kom dettande ganske fort, men eg hadde fleire «oppdrag» å utføre, mellom anna turgåing, så oppi hovudet var eg eigentleg i Brooklyn (Crown Heights) heile tida medan eg gjekk. Endeleg heime fann eg boka, og svaret mitt er: Mor heiter Rivkeh, forfattar er Chaim Potok, og tittelen på verket er Mitt navn er Asher Lev. Skildringa av det strengt ortodokse jødiske miljøet midt i den moderne storbyen gjorde sterkt inntrykk på meg. Asher er ein gåverik kunstnar og vil bli målar, men der møter han stor motstand, både frå meinigheita og familien. På baksida av utgåva mi står bl.a. dette: ’…ble en skjellsettende opplevelse for mange lesere da den kom ut. […] Det er en mektig og intens bok om konflikten mellom dyrekjøpt individuell frihet og samfunnsmessig samhold og tradisjon.’ Davitas harpe og Asher Levs gave las eg også, og begge kan anbefalast.»

Ragnhild Eggen skriv: «Denne gangen skal vi til en roman som jeg likte ekstremt godt da jeg leste den for mange år sia, kanskje det er på tide å lese den på nytt!»

Ingerid Skarstein skriv: «Denne boka har jeg aldri hørt om før, men når jeg nå har lest noen utdrag, skal jeg jammen låne den på biblioteket.»

Hallgeir Dale skriv: «Om eg skulle setja opp ei liste over dei beste romanane eg har lese, ville nok denne koma på topp 10.»

Desse klokingane var namnkunnige og fann fram svara me ville ha på oppgåve 1634: Eli Winjum, Ingerid Skarstein, Signar Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren LASK, Per Trygve Karstensen, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Paul Henrik Hage, Magni Ljoså, Ole Husby, Nils Farstad, Gunnar Bæra, Turid Tirevold, Ragnhild Eggen, Marit Skytterholm, Tiril Bonnevie, Reidar Birkeland, Sjur Joakim Fretheim, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Per Skjæveland, Eirik Holten, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, John Dag Hutchison, Gudlaug Nedrelid, Folke Kjelleberg, Hallgeir Dale, Roar Øvrebust, Kjell Helge Moe, Jorunn Øxnevad Lie, Sissel Gunnarshaug, Mari og Marianne, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Lise Haaland, Olav Holten, Grethe Barbro Hanssen, Gunnar Eide, Marta Kløve Juuhl, Anne Berit Skaarer, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane, Sigrun Gjengedal Ruud, Robert Øfsti, Geir Instanes og Ole G. Evensen. Denne gongen er Tiril Bonnevie bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1636

Jeg har sagt det før: Det interesserer meg hvordan vi finner måter å føle oss overlegne andre på, andre grupper med mennesker. Det skjer overalt, og hele tiden. Hva vi enn kaller det, mener jeg det er den nedrigste delen av det vi er, dette behovet for å finne andre å se ned på.

Sitatet er frå side 91 i boklækjarutgåva, som er frå i år. På originalspråket kom boka ut i 2016. Me skal fram til ein forfattar som er fødd eit år då nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Spania. Heller ikkje i dag er du i tvil om namnet på hovudpersonen når du har leita opp løysingsverket. Hovudpersonen i boka har to døtrer som eg vil ha namna på før eg godkjenner svaret. Send inn namna på dei to døtrene, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 10. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis