Pisse eller urinere?
På mi førre innside kom eg med eit – til meg å vere – hatsk utfall mot folk som ikkje tar seg bryet med å ha lås på dodørene sine. Det skulle eigentleg ikkje vere for mykje forlangt, var eit slags hovudpoeng. No er vi litt inne i same univers, sjølv om det tilsynelatande handlar om noko anna. Den 4. oktober i år hadde nrk.no desse tre overskriftene, som handlar om ein kar som måtte på do i eit etablissement i hovudstaden og blei møtt av eit bilde av Jesus over doskåla:
«Måtte pisse i Jesu nærvær: – Ble helt sjokkert.»
(NRK kl. 17.21)
«Måtte tisse i Jesu påsyn: – Ble helt sjokkert.»
(NRK kl. 17.22)
«Måtte urinere i Jesu nærvær: – Ble helt sjokkert.»
(NRK kl. 20.05, siste oppdatering)
Ei av desse meldingane må nødvendigvis vere fake news. Men kva for ei? Og uansett må det ha vore ubehageleg, så det er ingen grunn til å henge ut vedkommande. Eg har sjølv ein gong pissa (evt. tissa eller urinert) mens Heilag-Olav stod og stirte på meg frå eit skogholt, og det var ubehageleg nok. Måtte nærmast gå min veg med uforretta sak.
Geniale idear
Det må vel berre seiast at det å få geniale idear ikkje er ei evne kven som helst er velsigna med. Ja, eg kjenner personleg folk som har stavra seg gjennom eit langt og slitsamt liv utan så mykje som å få kjenne den søte smaken av ein genial idé. Til all lykke høyrer eg ikkje til denne siste gruppa, til tider kjem det så mange geniale idear til meg at den eine nærmast slår den andre i hel. Men også her finst det visse skjer i sjøen. For ei tid sidan sat eg saman med den gamle skulekameraten min frå Sogn, han Konrad, på det som etter kvart blei det ein gjerne kallar «ein fuktig kveld» på ei elles sømmeleg tilstelling i Luster Sparebank. Konrad og eg oppelda kvarandre (ja, sjølv Konrad kunne bidra litt, for ein gongs skyld), og dei geniale ideane hagla. Eg noterte flittig, og til slutt hadde eg det eg meinte var eit fyldig dokument. Men då eg skulle lese gjennom notata dagen etter, oppdaga eg at dei ikkje var heilt lette å tyde. Så det mest positive ved det heile blei lærdommen i at når ein skal notere ned geniale idear, skadar det ikkje om ein gjer det i relativt edru tilstand.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.