Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Primagris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4269
20171222
4269
20171222

Også i dag er det ein prima forfattar som er løysinga. I eit intervju frå 2007 med den danske avisa Politiken snakkar Claudio Magris varmt om ein kjærleik og ein pasjon til Norden. Her kjem han inn på det han omtalar som «det nordiske tema», noko som ifylgje Magris handlar om det nødvendige i å leve livet, sjølv om det er umogeleg. Vidare nemner han ein melankoli både i landskap og i litteratur som han meiner pregar Norden, og her tar han med Knut Hamsun som eit døme. Magris meiner at først når ein kan innsjå kor vanskeleg livet er, kan ein leve det på ein måte så det kjem nærmare det som er eit ekte liv. Då eg las intervjuet høgt for Nisse-Knut, var det som om raudfarga frå nissehuva smitta over på andletsfarga til gamle Hamsun.

Ingebjørg Sogge skriv: «Ein kan ikkje stige ned i same elva to gonger, hevda Heraklit. Om Claudio Magris har bada i Donau, veit eg ikkje, det er i det minste heilt andre siktemål han har med reisene han gjer langs den berømte elva. Boka Donau kom i 1986, og gjekk straks til topps på listene over dei beste turskildringane til alle tider. Han skriv seg inn i den europeiske danningsreisetradisjonen med undertittelen ’sentimental reise’ etter Laurence Sternes klassikar frå 1700-talet (A sentimental journey through France and Italy). I denne samanhengen betyr det at dei personlege inntrykka spelar ei viktig rolle, den reisande utviklar seg undervegs gjennom eigne opplevingar. Men det stoppar sjølvsagt ikkje der for den lærde germanisten Magris. På vegen frå kjelda i Schwarzwald til munningen i Svartehavet unner han seg avstikkarar, anekdotar og assosiasjonar i hopetal. Han auser av kunnskap om geografi, kultur og historie, men historiene høyrer og med og set farge på boka. Samtalen mellom Gorkij og Malraux i sitatet er eit døme på det, likeins besøket hos bestemor Anka i Weisskirchen, som det er spurt etter i oppgåva. Donau blir ei reise gjennom land og tider i kulturlandskapet som den mektige elva bind saman, sett gjennom augo til ein svært oppdatert reiseleiar. Som alle slike kan han bli vel snakkesalig, men da er det berre å vende det døve øyret til både Magris og Heraklit; ein legg boka frå seg ei stund, og stig ned i same elva på nytt når ein kjenner seg mogen.»

Desse tok seg ikkje vatn over hovudet på oppgåve 1317: Jon Grepstad, Tove Knutsen og Idar Lind, Laurits Killingbergtrø, Torleiv Kløve, Skeisebibliotekaren i LASK, Tor Inge Myren, Gunn Bull-Berg, Ingrid Marie Myklebust, Jorunn Øxnevad Lie, Jorunn Røyset, John Olav Johnsen, Vigdis Hegna Myrvang, Sjur Joakim Fretheim, Else Gjesdahl Sørensen, Olav Molven, Else Bovim, Brith Stensen, Jan Alfred Sørensen, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Birte Næsheim, Eli Hegna, Bjørn Gjermundsen, Nils Ottesen, Per Skjæveland, Per Trygve Karstensen, Gunnar Bæra, Rannveig Nordhagen, Hallgeir Dale, Tvillingene, Turid Tirevold, Marit Lindberg, Cyno Grassator, Folke Kjelleberg, Joar Stegane, Olav Holten, Petter Kristensen, Fritjof Lampe, Eva Sunde, Anne-Marie Grønhaug, Kirsten Bakke, Eirik Holten, Inger Margrethe Berge, Kari Lønning og Ottar Aarø, Ole Rødby, Geir Instanes, Robert Øfsti, Ingebjørg Sogge, Torleik Stegane og Rolv Stølen. Vinnar av nest siste bokpremie i år vart Jorunn Røyset. Gratulerer! Dessutan: Onore a John Olav Johnsen per una buona risposta in italiano.

God jul til vyrde oppgåveløysarar, til lesarane som ikkje sender inn svar på oppgåva, og til nokre få som ikkje les spalta. Me i bokstova her i det gåtefulle, vonar uansett på at det ligg flust med harde firkanta pakkar til dykk under juletreet i år.

Klok på bok 1319

Eg går bort til bokhylla. Bøkene er sorterte slik dei alltid har stått. Norsk litteratur, nordisk, engelsk, amerikansk, søramerikansk, forfattarane alfabetisk etter kvarandre. Den einaste gongen du tok hardt i meg som lita, var då eg drog ut alle bøkene på nedste rad. Eller nei, ein gong til, då eg var tenåring og kalla deg «idiot». Då tok du meg i armen, klemte til og sa: «Det kallar du meg aldri. Det kallar du ingen.»

Sitatet er frå del II i ei bok som er ein debutroman. Forfattaren er fødd i eit skotår som byrja på ein torsdag. Ho er oppvaksen på ei øy i Hordaland. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 29. desember.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis