Action med i
1356 fotografar tok uskarpe bilete av Tom Cruise der han hang etter tarmane i Preikestolen.
Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
Mission Impossible 6 blir spelt inn for tida, og jammen blei dei norske journalistane sveitte då hovudrolleinnehavar Tom Cruise kom til Lysefjorden for å henge i Preikestolen. Du såg sikkert overskriftene:
«Slik unngikk filmteamet lekkasje under innspillingen» (VG)
«To av skodespelarane tissa på seg på Preikestolen» (NvG*)
«Her er det første bildet av Tom Cruise i Norge» (NRK)
«Tom Cruise på plass i Stavanger» (Dagbladet)
«Her flørtar Tom Cruise med lokale Øydis» (NvG)
«Her cruisar Cruise ut fjorden – iskald» (TV 1)
«Her klatrer Tom Cruise på Preikestolen» (TV 2)
«Her heng Tom Cruise etter tarmane» (NRK P4)
«Sjekk Tom Cruise sjekke opp Pia Tjelta i boblebadet til Tore Christiansen» (Nattbladet).
Og så vidare. Det ingen av journalistane skreiv, var: «Hald auga opne, kvinner, enten de skarrar eller rullar, særleg om de har ein i i namnet. Cruise tar nemleg berre koner som har i i namnet, visstnok i tråd med eit scientologikyrkjeleg kriterium. Så langt har han vore gift med Mimi, Nicole og Katie. Kven blir nummer fire? Ida? Hilde? Marita?»
Og ingen skreiv: «Hadde det ikkje vore fire i-ar i filmtittelen, hadde Cruise aldri takka ja til rolla i Mission Impossible. Så langt har han spelt i minst 20 filmar med minst éin i i tittelen, som Rain Man og Magnolia. Vi får tru talet på Mission Impossible-filmar til slutt blir 99.»
*Viss du er så fjern at du ikkje har høyrt om NvG: Nynorskverdas Gang.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Mission Impossible 6 blir spelt inn for tida, og jammen blei dei norske journalistane sveitte då hovudrolleinnehavar Tom Cruise kom til Lysefjorden for å henge i Preikestolen. Du såg sikkert overskriftene:
«Slik unngikk filmteamet lekkasje under innspillingen» (VG)
«To av skodespelarane tissa på seg på Preikestolen» (NvG*)
«Her er det første bildet av Tom Cruise i Norge» (NRK)
«Tom Cruise på plass i Stavanger» (Dagbladet)
«Her flørtar Tom Cruise med lokale Øydis» (NvG)
«Her cruisar Cruise ut fjorden – iskald» (TV 1)
«Her klatrer Tom Cruise på Preikestolen» (TV 2)
«Her heng Tom Cruise etter tarmane» (NRK P4)
«Sjekk Tom Cruise sjekke opp Pia Tjelta i boblebadet til Tore Christiansen» (Nattbladet).
Og så vidare. Det ingen av journalistane skreiv, var: «Hald auga opne, kvinner, enten de skarrar eller rullar, særleg om de har ein i i namnet. Cruise tar nemleg berre koner som har i i namnet, visstnok i tråd med eit scientologikyrkjeleg kriterium. Så langt har han vore gift med Mimi, Nicole og Katie. Kven blir nummer fire? Ida? Hilde? Marita?»
Og ingen skreiv: «Hadde det ikkje vore fire i-ar i filmtittelen, hadde Cruise aldri takka ja til rolla i Mission Impossible. Så langt har han spelt i minst 20 filmar med minst éin i i tittelen, som Rain Man og Magnolia. Vi får tru talet på Mission Impossible-filmar til slutt blir 99.»
*Viss du er så fjern at du ikkje har høyrt om NvG: Nynorskverdas Gang.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.